aktuelt

Språklova må få sanksjonar

Peder Lofnes Hauge fekk landsmøtet med å vedta at språklova må få sanksjonar. (Foto: Kristianne Marøy)

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at brot på språklova må få konsekvensar.

Sidan 1930 har vi hatt lover som skal sikre at det nynorske skriftspråket blir nytta i statleg forvaltning. Vi har hatt mållovene frå 1930 og 1980, og i 2021 fekk vi ei ny språklov.

Med mållova frå 1980 fekk vi reglar som sette klare krav til fordelinga mellom nynorsk og bokmål i allment tilgjengelege tekstar frå statsorgan som dekkjer heile landet. Slik er det framleis med den nye språklova, uttrykt slik i § 13: «Sentrale statsorgan skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument.»

Dette er ein god regel, men etterlevinga hos statsorgana er mindre god. Språkrådets rapport frå tilsynet med språklova viste at berre 22 av 168 statlege verksemder som det vart ført tilsyn med, oppfylte krava til veksling mellom nynorsk og bokmål i 2024. Dette er svært langt unna å vere godt nok.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at brot på språklova må få konsekvensar. Tida er komen for å greie ut kva som vil vere tenlege sanksjonar, og deretter innføre dei så fort som mogleg. Staten er ikkje komen i mål i dag, og det er diverre ingenting som talar for at målet vil vere nådd før 2030. Det gjev difor lite meining å kaste bort tid med å vente på året 2030. Landsmøtet meiner det er sjølvsagt at Noregs Mållag vert involvert i utgreiingsarbeidet.

Målet med sanksjonar må vere å plassere ansvaret for vekslinga mellom nynorsk og bokmål der det høyrer heime, hos administrativ og politisk leiing i staten, og ikkje å hengje ut eller plassere ansvar hos vanlege statstilsette. Sanksjonane er ikkje mål i seg sjølve, men eit verkemiddel for å få på plass rutinar og dugleik hos statsorgana til å etterleve språklova i praksis. Berre slik kan målsetjingane i lova bli røyndom.