aktuelt

Språkvedtak i Hjartdal er ulovleg

Foto: Hjartdal kommune

Prosessen som har vore i etterkant av språkvedtaket ved Sauland skule er i strid med lova. Ei utgreiing viser at vedtaket i kommunestyret er ugyldig, og konsekvensen må bli at vedtaket blir oppheva.

Eit klårt fleirtal av folket i Hjartdal ønskte å halde fram med nynorsk som opplæringsspråk i skulen. Det synte folkerøystinga 8. mars, med nesten 54 % for nynorsk. Likevel vedtok kommunestyret, med éi røyst overvekt, å gå over til bokmål ved Sauland skule. 

Den 16. mai fekk Hjartdal kommune ei lovlegheitsklage, signert 5 kommunestyrerepresentantar. Klaga peika på uryddig prosess, feil og manglar i saksopplysingane og i saksutgreiinga i framkant av folkerøystinga og vedtaket i kommunestyret om opplæringsspråk ved Sauland skule. 

Kommunedirektør og ordførar påstår fleire gonger etter dette at klagen må handsamast av statsforvaltaren. 

– Det stemmer ikkje. Dermed har kommunedirektøren og ordføraren feilinformert lokalsamfunnet, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

I eit brev tilsendt klagarane 9. august, viser Statsforvaltaren til Kommunelova Kapittel 27, og seier kommunen no er orientert om at dei må ta saka opp til handsaming i kommunestyret. 

– Då har ordførar ein månad på seg til å setje saka på sakslista til kommunestyret. Likevel vert ikkje saka sette opp til kommunestyremøtet 6. september, eller 4. oktober, peiker Peder Lofnes Hauge på.

Seinare i september engasjerer klagarane, med hjelp frå Noregs Mållag, ein advokat til å gå over saka. Steinulf Tungesvik ved HLT Advokatfirma skreiv ei eiga utgreiing. Der vurderer han det slik at “summen av sakshandsamingsfeil, skjønnsmanglar og mogleg myndemisbruk er stor og alvorleg, og at det er sannsynleg at feila kan ha påverka utfallet, dvs. minst ei røyst i kommunestyret. Då er vedtaket ugyldig.” 

HLT Advokatfirma vurderer det også slik at klaga er blitt trenert av kommunen. Dei viser også til at vedtaket om språkskifte er blitt sett i verk, sjølv om det ligg føre ei klage som viser til manglar som er av ein slik art at vedtaket kan bli kjent ugyldig.

Denne advokatvurderinga, og ei tidslinje om hendingsforløpet i saka, blir sendt til kommunen 27. september. Klagarane ber om ei stadfesting på at vedlegga er mottekne. Kommunen svarar ikkje, og blir purra på den 16. oktober. Dagen etter svarar kommunedirektøren, med ordførar på kopi, at advokatvurderinga og tidslinja som er tilsendt ikkje vil bli ein del av sakshandsaminga. Dette grunngjev dei med at “lovlegheitsklaga er subjektiv og inneheld feil slik kommunen ser det”. 

– Med andre ord verkar det for meg som at dei ikkje vil journalføre dokumenta. Det er i så fall eit brot på lova, seier Peder Lofnes Hauge. 

Klagarane orienterer om at det er ulovleg å ikkje journalføre eller unndra viktige dokument i ei sak. Den 17. oktober, dagen etter, svarar servicekontoret til kommunen at dette er riktig. Dei beklagar feilen og seier dei skal rette opp. 

– Det er opp til kommunestyret å bestemme opplæringsmål ved skulen. Det er likevel oppfatninga til Noregs Mållag at Hjartdal kommune ikkje har følgt lova i handsaminga av klagebrevet sendt den 16. mai. Dermed er vedtaket om opplæringsspråk ved Sauland skule ugyldig, og må bli oppheva, konstaterer Peder Lofnes Hauge.

Juridisk vurdering 11.09.2023

Juridisk notat 25.10.2023