Stålande program på samling for unge vaksne
Då får du mellom andre møte Mirell Høyer-Bentsen, ny stortingsrepresentant for SV, i kulturkomiteen på Stortinget.
Til helga inviterer Noregs Mållag medlemer og tillitsvalde mellom 25 og 40 år til samling på skrivarstova i Dronningens gate i Oslo. Dei får med seg eit rikhalding og interessant program.
Laurdag 22. november:
Møteleiarar for helga: Synnøve Marie Sætre
11.30 Lunsj
12.30 Velkomen til felles samling for unge vaksne
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag
Presentasjonsrunde.
12.45 Kva treng nynorsken og nynorskbrukarane i dag? Dei fem store frå Mållaget
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag
13.00 Kva slags spelerom har nynorsken og målsaka i den nye stortingsperioden?
Mirell Høyer-Berntsen, stortingsrepresentant for SV i kulturkomiteen og Frida Pernille Mikkelsen, politisk rådgjevar i Noregs Mållag. (Det kjem truleg til fleire namn.)
14.15 Pause med bakst
14.45 Presentasjon av utkast: Noreg 2025. Arbeidsprogram for Noregs Mållag.
ved Live Havro Bjørnstad, leiar i nemnda og nestleiar i Noregs Mållag
Førebudde kommentarar: Er dette eit program for framtida?
Kristian Thaule, leiar i Valle Mållag
Endre Helland Gujord, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom
Karen Mjør, styremedlem i Oslo Mållag
Spørsmål og ordskifte
16.00 Pause
16.15 Om å vere ung og fersk i Mållaget. Slik driv vi lokallagsarbeid.
Tre oppspel frå ulike deltakarar og runde i møterommet
Ingrid Handeland, leiar i Juristmållaget
Astrid Larsen Vetrhus, leiar i Varanger Mållag
17.15 Vi bryt opp og gjer oss klar for Det Norske Teatret
18:00 Førestilling på Det Norske Teatret: MAGIC MOUSE vs. CAPITALISM
(førestillinga tek om lag 2 timar)
20.30 Middag på Skrivarstova
Sundag 23. november:
10.00 Nynorskkompetanse og normrettleiingskompetanse hos master- og lektorstudentar i nordisk
ved Agnes Wigestrand Hoftun, doktorgradstipendiat i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger
Spørsmål og kommentarar
11.15 Pause
11.30 Korleis står det til med nynorsken i Medie-Noreg?
ved Jógvan Helge Gardar, styreleiar i Kringkastingsringen
12.00 Kva gjer vi for at unge vaksne skal finne lesegleda (igjen)?
ved Janne Nygård, forlagsredaktør i Skald
12.30 Pause
12.45 Kvar finn vi dei 71 000 nynorskelevane i grunnskulen? Kva kan tala fortelje om språkbyte og utviklinga av demografien?
ved Synnøve Marie Sætre, senterleiar hjå Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda
Spørsmål og kommentarar
13.30 Evaluering. Takk for no og lønsj!
Slutt om lag 14.