aktuelt

Startar ikkje opp bokmålsklasse

Odda

Frå hausten blir det ikkje bokmålsklasse på fyrste trinn ved Odda barneskole.

I år var det så få bokmålselevar mellom fyrsteklassingane at det ikkje vert starta opp eiga bokmålsklasse, melder Hardanger Folkeblad. Dette har ikkje skjedd før, etter det avisa kjenner til.

– Det er 41 fyrsteklassingar ved Odda barneskole, ser det ut til akkurat no. Då det var for få bokmålselevar i utgangspunktet – og det vart færre – har me til slutt valt å ikkje opprette eigen bokmålsklasse, opplyser Nina Førde, rektor ved Odda barneskole, til Hardanger Folkeblad.

Førde understrekar at avgjerda er tatt i samråd med føresette til bokmålselevane og med skuleeigar.

Odda barneskole har vore ein språkdelt skule mellom nynorsk og bokmål, med reine bokmål- og nynorskklassar. I Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) er det talfesta oversyn over språkvalet til elevane tilbake til 1992-93. Over desse tre tiåra har skulen vore delt mellom nynorskelevar og bokmålselevar, med eit klart fleirtal av nynorskelevar.

Den delen av elevane som har hatt bokmål som hovudmål har vore på tilbakegong. I skuleåret 1993/94 var det 46 prosent bokmålselevar. I 1996/97 sank dette talet til 40 prosent, i 2003/04 var det 35 prosent og i dette skuleåret var delen bokmålselevar nede på 28 prosent.

Tyssedal barneskole i Tyssedal er einaste skulen i Ullensvang kommune som er ein rein bokmålsskule. Der har elevtalet blitt halvert dei siste 20 åra, og har i dag 41 bokmålselevar. Samla fordeling i Ullensvang kommune er 995 nynorskelevar og 221 bokmålselevar.