aktuelt

Statsbudsjett: Meir pengar til Noregs Mållag

Thomas Brun, NTB Kommunikasjon.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Noregs Mållag med 400 000 kroner i 2026 til arbeidet med nynorsk inspirasjon og fagleg påfyll for barnehage- og grunnskulelærarar. 

– Eit viktig steg på vegen mot mållagsmillionen, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

Regjeringa skriv godt om utfordringane for nynorsken og ser at Noregs Mållag spelar ei nøkkelrolle for å oppfylle styresmaktene sin eigen språkpolitikk. Det er difor gledeleg at løyvingane blir auka, seier Peder Lofnes Hauge. 

Mållaget har bedd om ein ekstra million for å styrkje nynorsken i digitaliseringa og i skulen, og mållagsleiaren ventar at det raudgrøne stortingsfleirtalet finn dei resterande 600 000 kronene i budsjettforhandlingane denne hausten.

For meir informasjon:
Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, peder.hauge@nm.no
Telefon: 951 22 689