aktuelt

Stilling ledig: Politisk rådgjevar

Vil du ha meir nynorsk i samfunnet?

Vår gode politiske rådgjevar sluttar og vi er på jakt etter hennar erstattar.

Noregs Mållag søkjer etter ein ryddig, skrivefør, allsidig og fleksibel person som ønskjer å arbeida som:

Politisk rådgjevar for leiinga i Noregs Mållag, med vekt på oppgåvene:

– skriva saksnotat til aktuelle politiske saker som kjem frå riks- og lokalpolitikk

– ta del i møteverksemd knytt til påverknadsarbeid andsynes politiske miljø og andre samarbeidspartnarar

– leggja til rette for og organisera kurs- og møteverksemd for politisk skulering i organisasjonen

– utforming og gjennomføring av ulike kampanjar

– formidling av politikken vår i sosiale medium

Utdanning, kvalifikasjonar og eigenskapar:

– høgare utdanning er ønskjeleg, men anna røynsle kan vega opp

– røynsle frå organisasjonsarbeid

– røynsle frå politisk påverknadsarbeid

– god munnleg og skriftleg formuleringsevne

– evne til sjølvstendig arbeid

– fleksibilitet til reiser og ukurant arbeidstid

– personleg eigna

– eit godt nettverk er ein fordel

Politisk rådgjevar samarbeider nært med leiar og dagleg leiar.

Stillinga er i dag plassert i lønsramme 21 i statens lønsregulativ med innplassering etter utdanning og ansiennitet. Arbeidsspråket er nynorsk. Stillinga er ledig frå siste halvdel av august. Kontorstad Oslo.

Søknad med kopi av attestar og vitnemål kan sendast til Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo, eller på e-post. Eller søk via Finn.no her.

Frist: 19.04.2022

Tilsetjingsform: Fast