aktuelt

Støre bør finne fleire nynorskmillionar

Solberg-regjeringa kjem ikkje med nye store satsingar for nynorsk i sitt siste statsbudsjett.

– Det er ingen nye nynorsksatsingar i budsjettet for Kunnskapsdepartementet. Vi saknar ekstra midlar til å sikre digitale læremiddel på nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

– Med ny offensiv språklov og ei komande opplæringslov forventar vi meir av den nye regjeringa som har eit breitt nynorskfleirtal bak seg.

– Ap–Sp-regjeringa må leggje meir midlar på bordet til mellom anna digitale læremiddel, språkdelt ungdomsskule og oppfølging av språklova for å sikre nynorskelevane ein betre oppvekst og eit samfunn der det er like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar.

– I kulturbudsjettet saknar vi ekstra midlar på 600 000 kroner til å fullføre Vinjesenteret, og 300 000 kroner til Nynorsk avissenter i Førde som gjer ein strategisk viktig jobb for å utdanne nynorskjournalistar

Noregs Mållag tykkjer det er veldig bra at Nynorsk Pressekontor no får fullføre nynorskroboten som systematiserer omsetjingsarbeidet. Det er også gledeleg at regjeringa set av 1,2 millionar kroner til Samlaget, i samarbeid med Minotenk, for å lage nynorsk forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring.
– Nynorsken er for alle, og då må han inkludere og lett kunne takast i bruk av alle, seier Peder Lofnes Hauge.