aktuelt

Store nynorskforventningar til Venstre

Venstre har vedteke eit svært godt program for nynorsken. – Dette forpliktar særleg kunnskapsministeren, meiner leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge.

Venstre har ein heil del på hjarta om nynorsk i det nye arbeidsprogrammet sitt. Partiet vil til dømes både gjere det enklare å vere nynorskbrukar og styrkje sidemålsundervisninga. Leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge er klar på at det gode programmet forpliktar.

– Til sommaren skal venstreleiar og kunnskapsminister Guri Melby presentere regjeringa sitt framlegg til ny opplæringslov. Denne lova kjem til å spele ei nykelrolle i å betre opplæringssituasjonen for nynorsk i skulen. Det er difor heilt avgjerande at kunnskapsministeren gjennomfører det partiet faktisk har lova.

Mållagssleiaren er klar på at Venstre skuffa han i arbeidet med den nye språklova.

– Venstre har lang tradisjon for å vere gode på språkleg jamstilling mellom nynorsk og bokmål. Vi såg ikkje dei resultata vi hadde venta, då dei la fram ny språklov. Det må dei rette opp i ny opplæringslov, meiner Lofnes Hauge.

Mållagsleiaren meiner Venstre no må vise musklar i regjeringa.

– Med eit så tydeleg program i ryggen bør Venstre vise regjeringspartnarane tydeleg kvar dei står.  

Her er det som står om nynorsk i programmet til Venstre:

Språk er formidler, identitet og ytring i ett. Vi vil gi rom for både nynorsk og bokmål som skriftspråk.

Språk er grunnlaget for frie ytringer. Vi vil styrke norsk som samfunnsbærende språk og en demokratisk fellesarena og ta vare på det norske språkmangfoldet.

Utgangspunktet for den norske jamstillingspolitikken er at de to offisielle skriftspråkene nynorsk og bokmål er likestilte. Det er en demokratisk rett å få se og bruke sitt eget språk, og det er et overordnet språkpolitisk mål at det skal være like lett å være nynorskbruker som bokmålsbruker. Det offentlige har et særlig ansvar for å styrke nynorsk.
Sidemålsordningen i skolen skal styrkes, begynne tidligere og avsluttes med egen karakter og eksamen i 10. klasse og siste året på videregående skole. 

Nynorskelevene skal sikres retten til å gå i egen klasse også på ungdomsskolen, og lik rett til og tilgang på digitale læremiddel på nynorsk.
Det offentlige skal bruke et klart og godt språk som alle kan forstå. Allmennkringkastere skal ha like og skjerpede språkkrav – også på nett. Nynorske medietiltak som NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter og Nynorsk 

Pressekontor skal styrkes og vi vil opprettholde sterke støtteordninger for norsk litteratur, spill, filmer og lydbøker, samt styrke kulturinstitusjoner som fremmer nynorsk som scenespråk.