aktuelt

– I dag hindra Stortinget digital jamstilling for nynorsken

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova i dag blei vedtatt i Stortinget. 

– I ein skulekvardag som blir meir og meir digital, møter nynorskelevane mindre og mindre av språket sitt. Lærebøkene er erstatta med digitale læremiddel. Mange og små læringsressursar dominerer i klasserommet. Det er alvorleg at eit fleirtal på Stortinget ikkje vil vedta at elevane skal få desse på språket sitt.

Mållagsleiaren er oppgitt over regjeringa som han meiner ikkje har lytta, og seier kravet om at læringsressursar som er utvikla til bruk i opplæringa, har stor støtte.

– Ei samla målrørsle, Forleggerforeningen, Utdanningsforbundet, Elevorganisasjonen og Språkrådet er mellom dei som støttar kravet. Grasrøtene i regjeringspartia med AUF i spissen stør kravet, og 121 ordførarar stør kravet. Difor er det påfallande at regjeringa har gått til Høgre og Frp for å få fleirtal for språkpolitikken sin, seier Peder Lofnes Hauge.

Han meiner dette er eit stort tap for nynorsken. Utdanningskomiteen har gitt regjeringa beskjed om å hente inn meir kunnskap om situasjonen. Det er ikkje godt nok, meiner mållagsleiaren.

– Vi har visst meir enn nok lenge. Stoda i klasserommet er dramatisk. Det blir no avgjerande at regjeringa får henta inn den kunnskapen dei meiner dei treng, lynkjapt, slik at dei kan kome tilbake til Stortinget med forslag om korleis kravet kan lovfestast i god tid før lova trer i kraft.
Noregs Mållag tar med seg to viktige lyspunkt frå den nye lova:

– No er endeleg kravet om at skriveprogram må kunne nynorsk, på plass. Raude strekar under ord ein skriv heilt rett, er historie! Her har Noregs Mållag lukkast med å tvinge teknologigiganten Google til å måtte lære seg nynorsk.

I tillegg har vi fått på plass språkdelt ungdomsskule. Dette er eit utruleg viktig krav for dei elevane som bur i språkblanda område. No har dei endeleg rett på å få opplæringa si på nynorsk ut heile grunnskulen, avsluttar Peder Lofnes Hauge