aktuelt

Stortinget må rydde i Abid Raja si språklov

– Den nye språklova vil ikkje gje det løftet for nynorskbrukarane vi hadde grunn til å håpe. På nokre område vil lova faktisk kunne svekkje vilkåra for nynorsken. Det er ikkje noko å feire, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

I dag, 135 år etter jamstillingsvedtaket, legg regjeringa fram den aller fyrste språklova i noregshistoria. Ho blei ikkje heilt slik som mållagsleiaren hadde ønskt.

– Det er veldig bra at regjeringa eksplisitt lovfestar det offentlege sitt ansvar for å styrkje nynorsken. Det er historisk! Det er likevel skuffande at regjeringa ikkje har nytta dette historiske høvet til å kome med ein skikkeleg offensiv språkpolitikk i tråd med føremålet som står i lova, seier Peder Lofnes Hauge.

Han er òg glad for at fylkeskommunane no får fleire plikter til å oppfylle nynorskbrukarane sine rettar. Det er ei klar forbetring, sjølv om lova ikkje går like langt som framlegget Trine Skei Grande sende på høyring. 

– Vanskelegare for staten å oppfylle lovkrava
Der tilsette i staten i dag må kunne skrive både nynorsk og bokmål, vil regjeringa leggje ansvaret på statsorgana sjølve, om det så tyder at nynorskkompetansen kjem i form av ein innleigd språkkonsulent.  Dette vil føre til endå mindre nynorsk i staten enn vi ser i dag, meiner mållagsleiaren.

– Det er vanskeleg å sjå korleis ein skal nå målet om å styrkje nynorsken som det minst brukte språket, samstundes som ein føreslår eit regelverk som i ytste konsekvens gjer at berre ei handfull personar i kvart statsorgan treng å meistre begge dei to jamstilte norske språka, seier Peder Lofnes Hauge. 

– Eg trur regjeringa har ønskt å vidareføre kravet om at ein må kunne skrive nynorsk for å arbeide i staten, men Stortinget må rydde i lovteksten slik at dette kravet blir like absolutt som i dag. Dette er eit språkpolitisk spørsmål som høyrer heime hos dei folkevalde i Stortinget, og ikkje hos den administrative leiinga i til dømes Statsbygg.

Peder Lofnes Hauge meiner språklova treng språkvask på Stortinget, og forventar at regjeringa legg opp til at Stortinget får høve til å skjerpe lova til fordel for nynorsken.

Kulturminister Abid Raja /  (Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet.)

– Feiga ut på fylkeskommunane
I regjeringa sitt fyrste framlegg til språklov vart det stilt talfesta krav til målbruk i fylkeskommunane. Det ville gjeve meir nynorsk i dei områda der nynorsken lever særleg utsett, som nynorskområda på Austlandet. 

– Vi tykte det var spenstig og nytenkjande språkpolitikk for framtida. No har regjeringa gått vekk frå eigne gode framlegg og gjort det opp til godviljen til tilfeldige politiske fleirtal å avgjere om folket skal møte nynorsk frå fylkeskommunen sin, seier Peder Lofnes Hauge.

– Særleg i nye fylke sett saman av fylke med lange nynorsktradisjonar og fylke utan, er det høgst usikkert om det er politisk vilje over tid til å bruke nynorsken. Innlandet og Vestfold og Telemark er til dømes berre eitt enkeltståande bokmålsvedtak unna å hindre innbyggjarane frå å møte nynorsk frå fylkeskommunen sin i ålmenne dokument, seier Peder Lofnes Hauge.

– Nokre lyspunkt
Mållaget meiner òg regjeringa har gjort nokre gode grep i lovframlegget. 

– I føremålet med lova blir det presisert at nynorsk skal ha eit særskilt vern. Det er eit framsteg. Regjeringa har òg gått vekk frå nemninga målform, som er ei uheldig leivning frå samnorsktida, og kalla nynorsk og bokmål for det dei bør kallast: språk. Dessutan gjev denne språklova eit solid vern for språkmangfaldet i Noreg.