Svært godt om nynorsk frå SV

– SV er betre enn nokon gong på nynorskpolitikk, og det lovar godt for ei eventuell ny regjering, meiner leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge.
SV hadde landsmøte siste helga i april, og der vedtok partiet mellom anna at kompetansekravet til elevar skal vere likt i hovudmål og sidemål.
– Programmet til SV kunne nesten vore teke ut av arbeidsprogrammet til Noregs Mållag, meiner ein nøgd mållagsleiar.
Blant andre punkt i programmet er språkstimulering i barnehagane og språkdelte klassar i ungdomsskulen. Peder Lofnes Hauge har stor tru på nynorskpolitikken til ei eventuell ny regjering.
– Med eit så sterkt program frå SV kjem ei eventuell regjering med dagens opposisjonsparti til å bli historisk sterk på nynorsk. Arbeidarpartiet har allereie vedteke eit godt nynorskprogram, og det same kjem Senterpartiet etter alle solemerke til å gjere.
Men det er viktig at vedtaka blir sette ut i livet, seier mållagsleiaren.
– Diverre har vi litt for ofte sett at resultata uteblir når valkampen er over og regjeringskvardagen kjem. Men med tre så nynorskvenlege parti bør ingenting stå i vegen for ein god nynorskpolitikk ved eit regjeringsskifte denne gongen.
Her er det som står om nynorsk i arbeidsprogrammet til SV:
Sikre god nynorskstimulering. For å sikre en god overgang fra barnehage til skole i
nynorskområder må barna få nynorsk språkstimulering i disse barnehagene.
Sikre nynorsk i opplæringen og gi nynorskelever like gode vilkår i skolen som bokmålselever. Elevene skal lære to skriftspråk. Nynorskelevers rett til nynorsk undervisning og til å høre til i nynorskklasser må sikres gjennom hele grunnskolen.
Kunnskapen til eleven i sidemålet må vurderes på lik linje med hovedmålet både på ungdomsskolen og i studieforberedende opplæring.
At opplæringsmateriell til skolebruk, både digitalt og i fysisk format, skal være tilgjengelig på både bokmål og nynorsk, og med god kvalitet.
Innføre tiltak for å motvirke språkbytte fra nynorsk til bokmål.
Styrke innsatsen for at studenter holder på nynorsk i overgang til høyere utdanning.
At norskopplæringa for voksne arbeidsinnvandrere skal skje på nynorsk i
nynorskkommuner.
Sikre reell likestilling mellom nynorsk og bokmål på alle samfunnsområder. Det innebærer et særskilt statlig ansvar for å fremme nynorsk og sikre gode vilkår for det minst brukte av de to språkene. Det skjeve maktforholdet mellom språkene måjevnes ut, og brukerne gis like muligheter til å bruke og bli møtt med språket sitt.