aktuelt

Svakt betre om nynorsk frå Høgre

– Det gamle riksmålspartiet Høgre «vil bygge opp under begge målformene som hovedmål». Men det er det vanskeleg å tru på, meiner leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge.

I arbeidsprogrammet sitt går ikkje Høgre inn for valfri sidemålsundervisning, slik dei har gjort tidlegare. Partiet skriv derimot at dei vil «bygge opp under begge målformene som hovudmål». Leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge meiner det er ei svakt positiv utvikling.

– Det gamle «riksmålspartiet» Høgre er ikkje like oppteke av å svekkje nynorsk som det ein gong var. Men det står ingenting i programmet om korleis målformene skal styrkast, eller at nynorskelevar treng noko meir enn bokmålselevar. Det gjer at eg ikkje trur heilt på dei.

Lofnes Hauge peikar på at partiet går inn for færre karakterar i norskfaget.

– Det finst ikkje noko som tyder på at vidaregåandeelevar lærer meir i norskfaget av felles karakter. Skule- og kunnskapspartiet Høgre kunne i staden kome med tiltak som vi veit har effekt. Slik programmet deira no står, ser det ut som ein fordekt måte å svekkje jamstillinga mellom dei norske språka på.

Den norske språkjamstillinga treng meir handling enn Høgre går inn for, meiner Peder Lofnes Hauge.

– Programmet til Høgre er på ingen måte fritt for kulturelle ambisjonar. Men på språkfeltet er partiet framleis meir interessert i marknadskrefter enn reelt språkleg likeverd.

Her er det som gjeld nynorsk i programmet til Høgre:

Bygge opp under begge målformene som hovedmål

Redusere antall norskkarakterer slik at det blir én karakter i norsk skriftlig og én karakter i norsk muntlig i ungdomsskolen og videregående skole

Vurdere om språknormeringen for bokmål og nynorsk skal flyttes ut av Språkrådet