aktuelt

Synnøve Marie Sætre er fungerande leiar

Mållagsleiar Peder Lofnes Hauge har teke ut pappapermisjon frå 25. mai. Nestleiar Synnøve Marie Sætre er fungerande leiar til midten av oktober.

Synnøve Sætre får inntil vidare honorar som leiar i 20 % stilling. Styret gjer ei ny vurdering til hausten, dersom arbeidsmengda og vilkåra elles har endra seg. Ho vil uttale seg på vegner av Noregs Mållag, og elles fylle rolla som fungerande leiar. 

Pappapermisjonen til Peder Lofnes Hauge varer fram til midten av oktober. I permisjonstida vil Hauge vere ein del av styret og medlem av arbeidsutvalet, og vil elles følgje deler av det politiske arbeidet.