aktuelt

Synnøve skal leie Mållaget

Synnøve Marie Sætre
Synnøve Marie Sætre

Dei neste månadane er det Synnøve Marie Sætre som skal leie Noregs Mållag.

Peder Lofnes Hauge har fått farspermisjon frå vervet som leiar, sidan han og sambuaren nyleg fekk tvillingar. I fyrste omgang er Hauge i permisjon fram til mars 2022.

I denne permisjonsperioden er det nestleiar Synnøve Marie Sætre som rykkjer opp som fungerande leiar. Synnøve arbeider som lærar ved Ulstein vidaregåande skule, og er frikjøpt i 50 prosent for å ta seg av leiaroppgåvene i Mållaget. Det tyder at ho fyrst og fremst vil ta seg av representasjonsoppgåve på vegne av Mållaget, og profilere Mållaget i media.