aktuelt

Ta nynorsken tilbake, Wattn!

Straumselskapet Wattn, som tidlegare har vore ei god nynorskverksemd, har no fjerna nynorsk som alternativ frå appen, og all nynorsktekst på nettsida er borte. Mange har teke kontakt med oss og reagerer sterkt på dette.

Mållaget oppmodar alle om å gje Wattn klar beskjed om å snu og ta nynorsken tilbake. Send ein e-post (hei@wattn.no) eller merk Wattn i innlegg i sosiale medium. Under fylgjer ein tekst som kan brukast og delebilete som kan delast. 

Ta nynorsken tilbake, Wattn!
Det er både overraskande og skuffande at nynorsk er fjerna frå appen og nettsidene til Wattn, og at mange kundar såleis ikkje lenger kan bruke tenestene på sitt eige språk. Med over 100 000 kundar og tyngdepunkt på Nordvestlandet er dette ei endring som råkar mange nynorskbrukarar.

Wattn har tidlegare teke gode språkval og vore eit førebilete for nynorsk i næringslivet. For det fekk selskapet Noregs Mållag sin Nynorsk næringslivspris for 2021, og det bør forplikte. I grunngjevinga vart det løfta fram at Wattn heilt frå starten av var tydelege på at nynorskidentiteten skulle vere sterk.

Wattn er dessutan eigd av fire kraftselskap, som hovudsakleg er eigde av ei rekkje nynorskkommunar. Det var ikkje ein straumleverandør på bokmål desse kommunane venta seg då Wattn vart oppretta. Det gjer det ekstra viktig at selskapet tek vare på den språklege identiteten som dei tidlegare har vore så stolte av, og som gjorde selskapet til noko meir enn endå ein straumleverandør.

Wattn har allereie vist at det er fullt mogleg å vere ei kraft for nynorsken. Difor er oppmodinga enkel: Ta nynorsken tilbake! Tilby fullverdige løysingar på nynorsk i appen, og bruk nynorsk på nettsidene og i kundekommunikasjon. Det handlar om respekt for kundane, eigarane, språkleg likeverd og om å halde fast ved den identiteten Wattn sjølve valde å byggje opp frå starten av.