Tenk nynorsk ved innkjøp av læremiddel
 
					– I dag må altfor mange nynorskelevar bruke digitale læremiddel på bokmål, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag.
Frå skulestart i haust vert nye læreplanar innførte på alle barneskular, i tillegg til 8. og 9. klasse på ungdomsskulane og vg1. Det fører til at skular, kommunar og fylkeskommunar over heile landet lyt kjøpe nye læremiddel både på papir og digitalt.
– I dag må altfor mange nynorskelevar bruke digitale læremiddel på bokmål, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag. Frå fyrste stund vert skrive- og leseopplæringa til nynorskelevane prega av bokmålslæremiddel.
– Slik kan me ikkje ha det. Nynorskelevar skal ha like god opplæring i hovudmålet sitt som bokmålselevar. For dei 75 000 nynorskelevane er det avgjerande at kommunane sikrar dette ved berre å kjøpe inn lovlege læremiddel. Det vil seie læremiddel som kjem ut på bokmål og nynorsk til same tid og pris, seier Synnøve Marie Sætre.
Mållaget utfordrar spesielt kommunane med nynorskelevane om å ta ansvar, og å stille krav til læremiddel-produsentane.
Positive  sidemålstiltak
Dei  siste  åra  har  skular  over  heile  landet  prøvd  «positive  sidemålstiltak»  i  ungdomsskulen,  der  elevane  byrjar  med  sidemål.  Bokmålsskulane  har  kjøpt  inn  nynorske  lærebøker  i  andre  fag  enn  norsk,  og  på  denne  måten  har  elevane  fått  mengdetrening  i  skriving  og  lesing  gjennom  året.
– Dette har vore eit veldig populært tiltak, og det har gjort at elevane har vorte mykje betre i nynorsk, fortel Synnøve Marie Sætre. Denne hausten er rett tid for å starte slike sidemålstiltak.
Ho peikar også på at for bokmålsskulane vil det å få digitale læremiddel der ein også kan velje nynorsk, gje ein viktig pedagogisk gevinst når ein skal introdusere elevane for sidemålet.