aktuelt

Thor Gjermund Eriksen får Målblome

Avtroppande kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen fekk Målblome under landsmøtet 1. april. Her med mållagsleiar Peder Lofnes Hauge.

Styret i Noregs Mållag deler med ujamne mellomrom ut målblome til folk som har gjort ein innsats for nynorsken. Det er difor ei stor glede å no kunne gje Målblome til avtroppande kringskastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

Allereie i 1971 gav Stortinget NRK i oppdrag å auke bruken av nynorsk til minst 25% i sendingane, men dette har gjennom åra berre vore eit mål og ikkje røyndom. Sjølv dei verkeleg kjende nynorske kringkastingssjefane, som Kåre Fostervoll, ein av pionerande i NRK, og den meir velkjende nynorskingen Einar Førde frå vår tid, nådde ikkje nynorskmålet.

Oppdraget frå Stortinget seier at NRK skal spegle samfunnet. Dette inneber både å utvide og å syne fram mangfaldet i Noreg, og såleis også ta i bruk og syne fram nynorsken. Dette mangfaldsoppdraget er eitt av dei viktigaste for ein allmennkringkastar, og det samfunnsoppdraget har Thor Gjermund Eriksen teke på alvor. I hans tid som kringkastingssjef har det aldri vore tvil om at kravet om 25% nynorsk i NRK ikkje berre skulle vere eit mål, men noko NRK faktisk skulle gjennomføre.

I 2013, same året som Thor Gjermund Eriksen byrja som kringkastingssjef, tilsette NRK ein eigen språksjef. Med det vart språk og språkarbeid systematisk teke inn i strategiarbeidet i NRK.

Der andre har falle for freistinga å gøyme vekk målet om nynorsk, har Thor Gjermund Eriksen sett målet øvst på arket. Han har brukt sjefsmakta og synt at god språkbruk er eit leiaransvar. Som kringkastingssjef har han sørgt for å vere oppdatert og orientert om språkarbeidet, og forankra planar i toppleiinga, i divisjonane og hjå redaktørane sine. Dermed har vedtak av handlingsplanar for språk blitt til operasjonell plan og ført til praktiske tiltak i redaksjonane.

Dette har gjeve resultat. Gjennom fleire år har bruken av nynorsk og dialekt auka, og i 2019 kom meldinga: NRK nådde over 25% nynorsk, samla sett, i radio, TV og på nettsidene. I 2020 gjekk talet litt ned, men i 2021, 50 år etter vedtaket i Stortinget, hadde NRK igjen over 25 % nynorsk. 

Dette står seg! Her er det mykje godt arbeid å byggje vidare på for den neste kringkastingssjefen og laget hennar. 

Noregs Mållag veit kor viktig det er med sjefar som heiar fram nynorskbruk, og som stiller krav når det trengst. Thor Gjermund Eriksen har hatt drivkraft og gjennomføringskraft for å få resulat for nynorsken, og det fortener ein Målblome!