aktuelt

Tid for ny Tid for ti

I januar 2021 går startskotet for den sjette utgåva av leseaksjonen Tid for ti på 7. trinn i norsk skule.

Tid for ti er ein nasjonal nynorsk leseaksjon. Det er Foreningen !les i samarbeid med Nynorsksenteret, Samlaget og andre nynorskaktørar som står bak leseaksjonen. Det er framleis mogleg å melde på skulen din til Tid for ti-leseaksjonen for 2021!

Det starta i 2016 og inneheld ein antologi med utdrag frå ti bøker tilpassa målgruppa, og ei eiga nettside med blant anna utdrag og lydfiler. No er det klart for ein ny runde, melder Foreningen !les i ei pressemelding.

– Tilbakemeldingane og responsen på Tid for ti frå både lærarar, elevar og bibliotekarar rundt omkring i Noreg har heile vegen vore veldig god. Vi er stolte over at aksjonen har blitt så populær, og glade for at vi kvart skuleår kan tilby sjuandeklassingar i heile landet nynorsk kvalitetslitteratur, seier Ole Ivar Burås Storø, prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les.

Det er skulane som melder på 7. klassingane sine. Den nye antologien kjem i januar 2021 og har eit opplag på 26 000. Opplaget er nesten dobla sidan starten i 2016.

– Eitt av måla med aksjonen er å gjere det lettare for lærarane å ta i bruk ny litteratur i skulen. Nynorsksenteret samarbeider derfor med Foreningen !les om å lage fyldige lærarressursar til aksjonen, fortel Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

Ein av forfattarane som er med i den kommande Tid for ti-aksjonen, er Ann Helen Kolås Ingebrigtsen. Ho debuterte tidlegare i år med den realistiske ungdomsromanen Sinne.

– Men boka kan like fullt lesast av vaksne som ønsker å få eit innblikk i korleis det kan vere å ha ADHD, seier Kolås Ingebrigtsen, som er svært fornøgd med korleis boka har blitt motteke.

– Mottakinga har vore overveldande god. Eg får framleis minst ei melding dagleg frå nokon som har lese og likt boka, trass i at det er sju månadar sidan ho kom ut. Det gjer meg så glad.

– Det betyr veldig mykje for meg å få vere med i ein leseaksjon som Tid for ti. Det kan vere vanskeleg å orientere seg blant all litteraturen som finst, og derfor er det så viktig med leseaksjonar som kan vise veg.

– Eg er kjempeglad og stolt over at Sinne har blitt plukka ut til å få vere med.

Dette er boklista til Tid for ti 2021:
Eg har venta på deg av Atle Hansen, Samlaget 2020.
Spådama i 7B av Harald Nortun, Samlaget 2020.
Rundt jorda og tilbake av Inger Johanne Sæterbakk, Aschehoug 2020.
Ti utrulege oppfinningar av Bår Stenvik. Illustrert av Rune Markhus, Samlaget 2020.
Floke av Ida Eva Neverdahl, Samlaget 2020.
Polarnatt av Sunniva Relling Berg. Illustrert av Bjørn Rune Lie, Samlaget 2019.
Sinne av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen, Samlaget 2020.
Lepra av Anders Totland. Illustrert av Martin Ernstsen, Gyldendal 2020.
Ser du dette? av Sigrid Agnethe Hansen, Samlaget 2020.
Kamikaze frå Exit av Geir Tangen, Gyldendal 2019.

Påmeldingsfristen er 6. november: Meld på skulen din til Tid for ti!