aktuelt

Tidlegare mållagsleiar vert statssekretær

Oddmund Løkensgard Hoel (t.v) og Ola Borten Moe. (Foto: Signe Bjotveit)

I statsråd i dag vart Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) oppnemnd som statssekretær for forsknings- og høgareutdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

Oddmund Løkensgard Hoel var leiar i Noregs Mållag frå 1999 til 2002. Sidan har han vore leiar i Luster Mållag, og har vore utsending på landsmøtet med ujamne mellomrom. Siste oppdraget for Mållaget var at han var medlem i prinsipprogramnemnda som har laga framlegg til nytt prinsipprogram for Noregs Mållag.  

I Hurdalsplattforma skreiv regjeringa at dei vil sørgje for at norsk språk blir løfta fram i høgare utdanning og forsking.

Dette er eit politisk felt statsråd Ola Borten Moe allereie har engasjert seg i, og det er eit saksfelt Oddmund Løkensgard Hoel kjenner godt som professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet.

– Oddmund Løkensgard Hoel har ei god forståing for norsk som fagspråk og nynorsk i akademia. Vi kjenner han som ein stor målpolitisk kapasitet, og det er bra å ta med seg i eit viktig arbeid for Noreg. Eg ynskjer Oddmund til lukke og lukke til, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.