Til lukke med Nobelprisen i litteratur

Publisert:
5. oktober 2023 Sjå aktueltsaker
Me ynskjer Jon Fosse til lukke med Nobelprisen i litteratur.
– At Jon Fosse får Nobelprisen i litteratur er ein stor dag for nynorsken, Noreg og verda, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
– Den syner at nynorsken er også er eit verdsspråk for den store litteraturen. Vi er umåteleg stolte av Jon Fosse i dag.
I pressemeldinga frå Samlaget og prisvinnar Jon Fosse, seier han mellom anna:
– Og ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg i sannings namn takka nynorsken for prisen.