litteratur

Tilbake til Þelamǫrk


Kjetil Loftsgarden og Axel Mjærum:
Utmarksriket – Telemark i perioden 400–1400
Dreyers forlag, Oslo 2025


Det er ikkje kvar dag ei omarbeidd doktorgradsavhandling vert ei så vellykka bok.

I 2013 og 2022 vart Dyrskuplassen i Seljord skodeplass for noko anna enn fesjå og festival. I staden kunne ein uti bøen sjå eit koppel av arkeologar grava etter minne frå ei fortid få av oss kan stort om. Utmarksriket er delvis resultat av desse utgravingane, delvis av avhandlinga til Kjetil Loftsgarden frå 2017 om marknadsplassar omkring Hardangervidda, og dreier seg om Telemark i tusenåret før den skriftlege soga tek til.

Frå byrjinga er boka lagt opp som eit motargument mot mange av mytane som finst om det me i dag oftast nemner Vest-Telemark (kommunane Seljord, Hjartdal, Tinn, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje). Mot det klassiske biletet av den sjølveigande telemarksbonden som valdeleg og kjettersk, syner Loftsgarden og Mjærum fram eit mangfaldig bilete av eit område som er konstant og djupt kopla til omverda; til Vestlandet, Sørlandet og fjellbygdene, til Skagerrak, Danmark og kontinentet. Via marknadsplassar og ferdsleruter vart det utveksla varer, men òg idéar og forteljingar. 

Loftsgarden og medforfattar Axel Mjærum er i dag tilsette som fyrsteamanuensar ved Kulturhistorisk museum i Oslo. Sjølv om båe forfattarane er arkeologar, og boka i hovudsak baserer seg på arkeologisk materiale, er resultatet langt rikare enn så. Utmarksriket er ei bok som søkjer svar på tvers av faga, og som tek i bruk kjelder frå den politiske, økonomiske og geistlege soga, frå dialektforsking, geografi og folkeminnesamlarar. Samstundes er ho ei kort innføring i sjølve faget arkeologi, og inneheld stutte, men pedagogiske forklaringar om mange av dei sentrale omgrepa på feltet. Illustrasjonane til Ånond Versto tek oss nærare på menneska som levde der det no berre finst spor, og ei rekkje kart gjer det enklare å setja spora inn i større samanhengar. Alt dette gjer boka grundig og åtkomande, slik at ho opnar seg for lesarar med dei fleste utgangspunkt. Forfattarane seier det sjølve i føreordet: «[m]e har ikkje vore flinke nok til å formidle denne fascinerande delen av historia ut forbi fagkrinsen». Men i Utmarksriket tek Loftsgarden og Mjærum både lesaren og faget på alvor, og finn samstundes ei form som gjer stoffet lett tilgjengeleg. Her vil det vera mykje spanande å finna for både fag- og lekfolk, om dei så er lokale telemarkingar eller frå resten av landet.

Jógvan Helge Gardar