aktuelt

To nye år med Peder

Innstilt til attval: Peder Lofnes Hauge (Foto: Jannica Luoto)

– Vi tykkjer Peder Lofnes Hauge har gjort ein glimrande jobb som leiar i Mållaget og valnemnda er samstemte på at vi ynskjer han som leiar i to nye år, seier Helen Johannessen, leiar i valnemnda.

– Medlemsveksten i mållaget dei siste åra har vore heilt ellevill. No er vi over 15 000 medlemmer som ventar at styresmaktene gjer det like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar. Det er eit privilegium å få vere med på, seier Peder Lofnes Hauge.

Peder Lofnes Hauge (33) bur i Bergen og har vore leiar i Noregs Mållag i to år. Valnemnda innstiller på to nye år.

1. januar i år blei den nye språklova gjeldande. Ho slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk.
– Dette opnar eitt nytt kapittel i norsk språkpolitikk. Styresmaktene må no aktivt favorisere nynorsken for å jamne ut det skeive tilhøve mellom bokmål og nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge
Han har store forventingar til regjeringa Støre og særleg kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

– Vi har ein dyktig kunnskapsminister som veit at det er meir krevjande å vere nynorskelev enn bokmålselev. Når ho legg fram ny opplæringslov, ventar vi at ho sikrar den nynorske skulekvardagen, seier Peder Lofnes Hauge.

– Nynorskelevar må få rett til opplæring i og på sitt eige språk gjennom heile grunnskulen, og dei må få den same retten til og tilgangen på digitale læremiddel og læringsressursar som bokmålselevane har.

Den digitale læremiddelsituasjonen for nynorskelevane blir ei av dei viktigaste sakene når Noregs Mållag samlast til landsmøte første helga i april på Gardermoen. Der kjem også kunnskapsminister Tonje Brenna for å snakke om opplæringslova.

– I dag badar nynorskelevar i digitale læremiddel, læringsressursar og verktøy som ikkje finst på nynorsk. Det gjev dei er dårlegare lese- og skriveopplæring enn bokmålselevane. Det kan ikkje lenger styresmaktene sitje å sjå på, seier Synnøve Marie Sætre. Ho er frå Ørsta og er innstilt som nestleiar i Mållaget for to nye år.

Dette er innstillinga frå valnemnda til nytt styre i Noregs Mållag:

Peder Lofnes Hauge, leiar (33), Bergen, Synnøve Marie Sætre, nestleiar (31), Ørsta, Kjetil Aasen, (44) Oslo, Anders Riise (53) Hareid, Inger Johanne Sæterbakk (40) Oslo og May Britt Jensen (56) Rennesøy. Norsk Målungdom vel sin eigen representant til styret i Noregs Mållag.

1. varamedlem: Espen Tørset (43) Orkdal, 2. vara: Tove Karina Eidhammer (71) Oslo, 3. vara: Reidun Ramse Sørensen (69) Hadeland og 4. vara: Bjørn Seljebotn (69) Bø i Telemark.