aktuelt

Tobias er ny leiar i Målungdomen

Foto: Norsk Målungdom

Tobias Christensen Eikeland (21) frå Søndre Nordstrand i Oslo vart vald til ny leiar i Norsk Målungdom på landsmøtet i helga.

– Det skal ikkje vera sånn at elevane må kjempe for å få læremidla på språket dei har rett på, seier Tobias Christensen Eikeland. Han tek over som leiar i juli, og vil kjempe for dei språklege rettane til elevar og studentar

– Eg gler meg til å vera med på å drive organisasjonen vidare og byggje opp robuste lokallag etter to år med ein pandemi det har vore vanskeleg å drive aktivitet i. No skal vi både arbeide for eit løft for organisasjonen og for politiske gjennomslag for nynorsken og språkmangfaldet, seier den nyvalde leiaren.

Han får med seg Marit Voldsund Fjeldvær frå Hitra som nestleiar, og som sentralstyremedlemmar får dei med seg Synne Solberg frå Sør-Fron, Rasmus Tennø Loe frå Luster og Mathilde Løkkevik frå Fredrikstad. 

Denne helga samla språkengasjert ungdom frå heile landet seg i Bergen for å vedta ny politikk og bestemme kva organisasjonen skal arbeide med i året som kjem. Landsmøtet vedtok mellom anna å arbeide særleg for norsk språk i høgare utdanning og retten til å snakke og høyre dialekt.

Tobias Christensen Eikeland er oppvaksen i Oslo og fortel at det var gleda med dialekt og språk som førte han til Norsk Målungdom.
– Eg har alltid synst at språk og dialekter har vore kjempespennande. Før eg vart verva i 2017, hadde eg ikkje høyrt om Norsk Målungdom før, men det var jo den perfekte organisasjonen for meg! Han har tidlegare sitte i både landsstyret og sentralstyret. Han ser no fram til å gå inn i rolla som leiar av organisasjonen.