aktuelt

Tonje er ny tilsett i Mållaget

Foto: Privat

16. august byrja Tonje Thorstad Kildal i vikariat for Frida Pernille Mikkelsen, som er i permisjon fram til januar 2025.

Tonje Thorstad Kildal er 27 år og kjem frå Karmøy i Rogaland. I vår fullførte ho mastergrada i medium og kommunikasjon ved OsloMet. Ho har jobba som journalist i Stavanger Aftenblad og Studenttorget, og som innhaldsprodusent for OsloMet

– Eg gler meg til jobbe kreativt med fremjing av nynorsk og dialektbruk. Det er kjekt at dette er min første jobb som ferskt utdanna, seier Tonje Thorstad Kildal.

Tonje er i stillinga som kommunikasjonsrådgjevar fram til 20. desember.