Utdanningskomiteen på Stortinget krev nynorske læringsressursar
For fyrste gong slår fleirtalet i utdanningskomiteen på Stortinget fast at digitale læringsressursar må kome på nynorsk. Dermed får kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) marsjordre.
– Dette er bra for nynorskelevane. Endeleg får vi fjerna det kunstige skiljet mellom læremiddel og læringsressursar, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
Dette var eitt av hovudkrava frå Mållaget då ny opplæringslov vart vedteken i 2023, men den gongen fekk ikkje målrørsla gjennomslag.
Det einaste Stortinget gjorde då, var å be Utdanningsdirektoratet hente inn meir kunnskap. I Udir sitt svar på dette oppdraget heiter det mellom anna at forskarane «finn at det er færre læringsressursar på nynorsk, at desse er vanskelege å finne og ofte har (opplevd) dårlegare språkleg kvalitet».
– No må regjeringa snarast føreslå endringar i lova i tråd med viljen til utdanningskomiteen. Med MDG sine røyster har dette fleirtal i Stortinget. Slik kan endeleg nynorskelevane få ein digital skulekvardag på sitt eige språk, seier Peder Lofnes Hauge.
Lofnes Hauge merkar seg at regjeringspartiet Arbeidarpartiet og Høgre ikkje røysta for innstillinga i komiteen, medan Framstegspartiet derimot stod på nynorskelevane si side.
– I dette tilfellet er Simen Velle og Framstegspartiet meir opptekne av retten til opplæring på eige språk enn Ap og Høgre er. Det bør mindretalsregjeringa merke seg. Dette handlar om nynorskelevane sin rett til ein likeverdig skulekvardag som bokmålselevane, seier Hauge.
Fleirtalet i komiteen meiner også at framtidige tildelingar til opplæringsmateriell må gå til materiell som blir utforma både på nynorsk og bokmål. Fleirtalet understrekar at skriveprogram som blir nytta i skulen, må støtte begge skriftspråka, og ber regjeringa ta naudsynte grep for å sikre god tilgang på læringsressursar på nynorsk.
Les instillinga frå komiteen her
Les fråsegnet vedteke på landsmøte til Noregs Mållag i april
Dette vedtok utdannings- og forskningskomiteen:
Fleirtalet understrekar behovet for å sikre at både læremiddel og læringsressursar som
Vidare meiner fleirtalet at framtidige tildelingar til opplæringsmateriell må gå til materiell som vert utforma både på nynorsk og bokmål. Skriveprogram som vert nytta i skulen, må i tråd med opplæringslova støtte begge målformer. Regjeringa må difor ta naudsynte grep for å sikre god tilgang på læringsressursar på nynorsk og ein høg kvalitet i opplæringa.
vert nytta i skulen, er tilgjengelege på nynorsk. Fleirtalet meiner det er nødvendig å innføre eit parallellitetskrav for læringsressursar, på line med krava som gjeld for læremiddel, for å sikre ei likeverdig opplæring for nynorskelevar.