aktuelt

Utlysing av pengar til skuleprosjekt

Noregs Mållag inviterer fylkeslaga til å søkja pengar til prosjekt som styrkjer nynorsk i barneskulen.

Prosjektskildring:

Noregs Mållag fekk for nokre år sidan ei større pengegåve der vi år om anna har høve til å bruka delar av avkastinga til gode nynorskprosjekt. Denne gongen har styret peika på barneskulesteget og ein målsetnad om å gje nynorske skuleelevar ein mest mogleg nynorsk skulekvardag. Dei skulane som strevar mest med det, ligg ofte i pressområda / randsonene. Det er likevel ikkje ein føresetnad, dersom de har andre skular i fylket som det ville vera ei god prioritering å gå inn i eit slikt samarbeid med.

Mål:

Vi ynskjer å betra den språklege kvardagen for nynorskelevar i barneskulen og gjerne prøva å vera ei motvekt ved skular der undervisningsspråket er delt og/eller der talet på nynorskelevar går ned til fordel for bokmål. 

Korleis nå målet:

Vi vil gje både skuleleiing, lærarar og foreldre tilbod som kan gjera dei tryggare i nynorsk, både reint språkleg og ved å visa tilfang å ta i bruk.

Aktuelle tiltak (ikkje uttømmande):

  • nynorskkurs for lærarane (og skuleleiinga)
  • informasjon om gode nynorskressursar (mini-inspirasjonsdag?) og noko sponsing av gode nynorsktilbod som Norsk Barneblad og Framtida jr.
  • skrivekurs for elevane (t.d. med kurshaldar frå Framtida jr.)
  • nynorskkurs for foreldre

Gjennomføring:

Søknaden må gjelda éin eller fleire konkrete skular innanfor fylkeslaget sine grenser.
Det styrkjer søknaden at fylkeslaget går i samarbeid med lokallaget/-a ved i kommunane for dei aktuelle skulane. Noregs Mållag sentralt bidreg gjerne i arbeidet med ressursar frå skrivarstova, sjølv om fylkeslaget fritt forvaltar tildelte tilskot.

Etterarbeid:

Fylkeslaget leverer ein kort rapport om tiltaka og gjennomføringa seinast 1. oktober 2022. Det viktigaste føremålet med rapporten er at andre delar av organisasjonen kan bruka røynslene til liknande tiltak i eige område.

Om søknaden:

Kvar søkjar kan få ei tildeling på inntil 75 000 kroner. Send søknad til dagleg leiar på gro.morken@nm.no innan 15. august 2021.