aktuelt

Valnemnda vil ha Peder!

Peder Lofnes Hauge (Foto: Kristianne Marøy)

Peder Lofnes Hauge er innstilt som leiar i Mållaget for tredje gong.

– Vi er veldig godt nøgde med Peder Lofnes Hauge som leiar i Noregs Mållag. Han er offensiv på vegner av Mållaget og nynorsken, og både strategisk og kunnskapsrik, med det nødvendige glimtet i auget som målrørsla treng, fortel Øyvind Fenne, leiar i valnemnda i Noregs Mållag.
Peder Lofnes Hauge (35) er utdanna lærar og bur i Bergen med sambuar og tre små born. Han har vore leiar i Noregs Mållag dei siste fire åra.

– Eg er takksam for at valnemnda vil gje meg sjansen til å vere leiar i Mållaget i to nye år. Det har vore mykje å juble for; både endå ein medlemsrekord for Noregs Mållag og nobelprisen i litteratur til Jon Fosse, seier Peder Lofnes Hauge.

Han er likevel tydeleg på at han leier ein organisasjon som no er kampklar på vegner av nynorsken og nynorskbrukarane.
– 210 år etter at Noreg fekk si eiga grunnlov, er det på tide å grunnlovsfeste at norsk skal vere det samfunnsberande språket i Noreg. Ikkje minst er det på høg tid at jamstillinga mellom nynorsk og bokmål blir sikra i det som er Noregs viktigaste lov, Grunnlova.

Dette vert ei av hovudsakene når Noregs Mållag samlar seg til landsmøte 19.–21. april i Trondheim. Då vil også digitalisering og nynorsk stå på dagsordenen.
– I ein meir digital kvardag er det avgjerande at språkteknologien forstår og tek omsyn til nynorsken og dei norske dialektene. Det må vere mogleg å vere nynorskbrukar også på internett, seier Peder Lofnes Hauge.

Dette er valnemnda sitt framlegg til nytt styre:
Peder Lofnes Hauge
som leiar og Live Havro Bjørnstad (37) er innstilt som ny nestleiar. Ho bur i Bergen, og driv skulebiblioteket på Bergen Katedralskole og er frå Voss.

Framlegg til nytt styre ser slik ut: Espen Tørset (44) bur i Orkland og er lektor ved Orkdal vidaregåande skole, Kjetil Aasen (46) bur i Oslo og er protokollsekretær i Høgsterett, Gunnhild Skjold (30) bur i Tromsø og er rådgjevar ved Senter for samisk helseforsking ved UiT Noregs arktiske universitet og Monika Haanes Waagan (55) bur i Herøy, driv konsulentselskapet Akka AS og er initiativtakar til Nynorsk Bedriftsforum.

Framlegget til varamedlemer er 1. vara: Synnøve Marie Sætre (34), bur i Ørsta og er senterleiar på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda, 2. vara: Tommy Tverdal (29), bur i Vennesla og er fagleg ungdomssekretær i LO Agder og leiar i Mållaget i LO-administrasjonen, 3. vara: Silje Nathalie Luvåsen (31), bur i Oslo og er lektor i vidaregåande skule og 4. vara: Jorunn Simonsen Thingnes (33), bur i Sogndal og er fyrsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet.