aktuelt

Valnemnda ynskjer Peder i to nye år

Thomas Brun, NTB Kommunikasjon.

Noregs Mållags lengsitjande leiar er innstilt til to nye år. Heile styret får fornya tillit.

– Det er veldig kjekt og ei stor tillitserklæring. Å vere i spissen for Noregs Mållag og arbeide for nynorsken og nynorskbrukarane er noko av det mest meiningsfulle eg veit, seier Peder Lofnes Hauge, som kom inn i styret i 2016, og blei vald som leiar i 2020. 

Medlemsvekst
Medlemstalet i Noregs Mållag har auka mykje dei siste åra, og det er eit rekordstort Noregs Mållag som samlar seg til landsmøte på Gardermoen 24.–26. april.
–  Vi er to tusen fleire medlemer enn for fem år sidan, og fire tusen fleire enn for ti år sidan. Det gjer at vi kan setje meir makt bak dei politiske krava våre overfor styresmaktene, seier Peder Lofnes Hauge.

Sidemål
Hauge håpar regjeringa vil setje i gang positive sidemålsforsøk med mål om å få betre sidemålsundervisning og som undersøkjer effektane av tidleg start med systematisk opplæring, etterutdanning av lærarar og meir nynorsk i fleire fag enn norsk.
–  Fleire parti snakkar om talet på norskkarakterar. Eg forventar at sidemålsordninga slik vi kjenner henne, men eigen karakter i skriftleg sidemål i det minste ligg fast. Noko anna vil vere direkte oppsiktsvekkjande og krise for nynorsken, seier han.

Nynorsk inn i Grunnlova
Denne perioden skal stortinget handsame eit forslag om å grunnlovfeste norsk som nasjonalt hovudspråk, og jamstillinga mellom nynorsk og bokmål. 
– Vi har trua på å få til fleirtal for grunnlovsendring. Det er viktig symbolsk og faktisk for både norsk språk generelt og nynorsk, spesielt.

Valnemnda føreslår attval også for nestleiar Live Havro Bjørnstad.

Dette er valnemnda sitt framlegg til nytt styre:
Peder Lofnes Hauge
(36) som leiar og  Live Havro Bjørnstad (39) som nestleiar. Ho bur i Bergen, driv skulebiblioteket på Bergen Katedralskole og er frå Voss.

Framlegg til nytt styre ser slik ut:  Espen Tørset (46) bur i Orkland og er lektor ved Orkland vidaregåande skole,  Kjetil Aasen (48) bur i Oslo og er protokollsekretær i Høgsterett, Gunnhild Skjold (30) bur i Tromsø og er fylkessekretær for Troms SV og Finnmark SV, og Monika Haanes Waagan (57) bur i Herøy, er dagleg leiar i Nynorsk bedriftsforum.

Framlegget til varamedlemer er 1. vara: Karen Mjør (30) bur i Oslo og er presseansvarleg for bystyregruppa til Arbeiderpartiet i Oslo , 2. vara:  Tommy Tverdal (31), bur i Vennesla, er fagleg ungdomssekretær i LO Agder og leiar i Mållaget i LO-administrasjonen, 3. vara:  Silje Nathalie Luvåsen (32), bur i Oslo og er lektor i vidaregåande skule og 4. vara:  Jorunn Simonsen Thingnes (33), bur i Sogndal og er fyrsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet.

Marit Aakre Tennø er leiar i valnemnda.