aktuelt

Nasjonalt vårseminar i Ålesund

Noregs Mållag inviterer til nasjonalt seminar i foajeen i Parken kulturhus i Ålesund laurdag 25. og søndag 26. mars.

Laurdag 25. mars: 

12.00 Velkomen til vårseminar ved Peder Lofnes Hauge 

12.10 Kvifor valde eg nynorsk?
ved xxx, forfattar,

12.25 Nynorsken i Ålesund i dag
ved Christine Rørvik, kommunikasjonssjef i Ålesund kommune og Magritt Jarlsdotter Grimstad, nestleiar i Borgund Mållag og lærar ved  Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund 

13.00 Kva no for nynorsk i Ålesund kommune?
ved Hanna Relling Berg, ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, Marit Nerås Krogsæter, kommunestyremedlem i Ålesund og leiar i Møre og Romsdal Sp, eventuelt ordførar frå Sunnmøre
Samtaleleiar: Jens Kihl

14.30 Lønsj 

15.30 Har vi han no? Ny kunnskap om Ivar Aasen
Boksamlinga etter Ivar Aasen inneheld 2500 bøker. No har Nynorsk kultursentrum gått gjennom 1000 av bøkene. Gjennom små lappar og notat i bøkene kjem det fram ny kunnskap.
ved Stine Steines Hovdenakk, konservator og Siri Beate Gjerde, bibliotekar ved Nynorsk kultursentrum 

16.45 Pause

17.30 Kva er den beste kulturpolitikken for nynorsken?
ved Åse Kristin Ask Bakke, stortingsrepresentant for Møre og Romsdal Ap, sit i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget  

18.00 Avslutning av seminarprogrammet 

19.30 Middag på hotellet 

21.00 Kveldssete: Om livet, politikken og målsaka
ved Jens Kihl og Liv Signe Navarsete

Sundag 26. mars: 

09.30 Nytt nynorsk bedriftsforum
ved Monika Haanes Waagan, dagleg leiar i Nynorsk bedriftsforum 

10.00 Nynorsk i lærarutdanningane. Korleis lærarutdanningane sikrar nynorskkompetansen til studentane på 5.-10.-lærarutdanningane som ikkje har norsk som fag? Døme frå Høgskulen i Volda, Høgskulen på Vestlandet, OsloMet og Universitetet i SørAust-Noreg
ved Ida Marie Jekteberg, stipendiat ved Nynorsksenteret 

11.00 Pause 

11.15 Medan vi ventar på opplæringslova: 

Status for nynorske digitale læremiddel i klasserommet
ved Arild Torvund Olsen, frå Nynorsksenteret, 

12.30 Nynorskdagen 12. mai 2023
ved Hege Lothe, Frida Pernille Mikkelsen og Erik Grov

12.45 Takk for no og vel heim! 

13.00 Lønsj  

Påmelding og overnatting

Påmelding til per.arntsen@nm.no

Frist for påmelding: 12. mars 2023

Overnatting: Det er tinga rom på Hotel Noreg i nærleiken av Skansekaia.

Prisar

Seminar: 590 kroner (inkluderer middag, to lunsjar og kveldsprogram)

Seminar med overnatting på enkeltrom: 1 180 kroner

Seminar med overnatting på dobbeltrom: 790 kroner (for kvar person)

Prisane gjeld overnatting frå laurdag til sundag. Ved overnatting frå fredag legg ein på 700 kroner på enkeltrom og 350 kroner (stk) på dobbeltrom.

Noregs Mållag sentralt betalar ikkje reisa til dette seminaret.