aktuelt

Vel nynorsk for barnet ditt i Bergen

Bystyret i Bergen har sett av 2 millionar kroner for å opprette ei fast nynorskklasse på ein skule i Bergen frå hausten 2021.

Dette vil gje foreldre i Bergen høve til å ha ungane sine i nynorskklasse utan å måtte gå vegen om ein storstila aksjon for å skaffe nok ungar til å opprette ei eiga klasse.

Innskriving for hausten 2021
Innskrivingsbrevet frå Bergen kommune er gått ut til foreldre som har born som skal byrje på skulen hausten 2021. Her er det høve til å seie frå om ein ynskjer at eleven skal ha opplæring på nynorsk.

Det er tenkt at tilbodet skal vere på ein bestemt skule, men kommunen har ikkje sagt kva skule dette skal vere. Det er difor viktig at flest mogeleg som er interesserte i nynorskklasse, kryssar av for det, så kommunen ser kvar det er størst interesse.

Viktig tilbod
– Noregs Mållag har arbeidd for å få til eit slikt fast tilbod i Bergen, fordi vi ser at den jobben som vert kravd av foreldre, er med å halde mange attende frå å få til ei klasse, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
– Det er eit godt vedtak å opprette ei fast nynorskklasse på ein sentrumsskule i Bergen. Samstundes er det eit tiltak som aldri har blitt prøvd før i Noreg, og vi er svært spente på korleis det vert teke imot, seier Peder Lofnes Hauge.

Rett til parallellklasse
Det er viktig å presisere at retten til eigen nynorskklasse etter opplæringslova, om minst ti elevar  ynskjer det, gjeld framleis. Det nye vedtaket er eit særskilt nynorsktilbod frå kommunen.

Dei siste tjue åra har det blitt oppretta nokre få nynorskklasser i Bergen. På Landås skole vart det oppretta nynorskklasse hausten 2001, 2002 og 2004. I 2009 vart det etablert nynorskklasse på Minde skole.  

Budsjettvedtaket i Bystyret
Det var byrådet og Sp og SV som laga fleirtal for dette budsjettvedtaket:
«Nynorske parallellklasser
Bergen kommune er opptatt av nynorsk og vil gi fast tilbud om en nynorsk parallellklasse på en sentrumsskole. Det skal generelt legges til rette for parallellklasser i Bergen der foreldrene til minst 10 elever ønsker dette.

2 mill. kroner til tiltaket.»

Ynskjer du at barnet ditt skal gå i nynorskklasse?
Ta gjerne kontakt med Live Havro Bjørnstad, prosjektsekretær i Hordaland Mållag, 91 75 39 37 eller e-post live.bjornstad@nm.no

Kjenner du nokon som burde få tips om denne nye ordninga?
Send denne informasjonen vidare, eller send tips til Live Havro Bjørnstad.