Haustseminar for alle!
Mållaget inviterer til haustseminar på Nynorskens hus laurdag 18. og søndag 19. oktober.
Laurdag 18. oktober
12.00 Lønsj
13.00 Velkomen til haustseminar og velkomen til Oslo!
ved Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag og Tone Dahl, leiar i Oslo Mållag
13.10 Utdeling av Målprisen 2025 ved Peder Lofnes Hauge
13.30 Stortingsvalet 2025. Kva får det å seie for sidemålssaka, grunnlovsendring og nynorsken?
Samtale med Sveinung Rotevatn, nestleiar i Venstre og avtroppande leiar i Løvebakken Mållag, Åse Kristin Ask Bakke, stortingsrepresentant for Ap, Hans Andreas Starheim, nisjeredaktør i Alltinget og Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
14.30 Vegen mot Noreg 2050. Nytt arbeidsprogram for Noregs Mållag
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Mållaget og leiar i nemnda
Ordskifte og spørsmål
15.15 Pause (med noko å bite i)
15.35 KI, språkteknologi og nynorsk. Kva er status og kva bør gjerast?
ved Åse Wetås, direktør i Språkrådet
16.00 Korleis får vi eigentleg til eit nynorsk digitalt næringsliv?
Samtale mellom Åse Wetås, språkdirektør, Ida Nicoline Glosimot og Lars Tore Skau frå Vipps, Marius Holm, konserndirektør marknad og kommunikasjon i Vy og Ingvill Størksen, direktør for politikk og myndighetskontakt i Coop
16.45 Nynorsk salmebok 100 år
ved Anders Aschim, professor ved Universitetet i Innlandet
(ferdig 17.30)
17.45 Nynorsk rusletur i Oslo
Dei som ynskjer det, ruslar i fotspora til nynorsken i Oslo. Mellom anna innom grava til Ivar Aasen og Nynorsk bokhandel.
Oslo-los: Kjartan Helleve
19.30: Middag på Kaffistova
Utdeling av nynorskstipend ved Live Havro Bjørnstad.
Søndag 19. oktober
10.15 Nynorsk inn i Grunnlova
ved Ola Mestad, professor ved Universitetet i Oslo
Spørsmål og kommentarar
10.45 Verving, verving, verving!
ved Live Havro Bjørnstad
11.00 Pause (med noko å bite i)
11.15 10.00 Kva gjer ordbøkene.no for å ta vare på språket vårt? Og kva er det vi ikkje tek vare på?
ved Margunn Rauset, språkforskar ved Universitetet i Bergen
Spørsmål og kommentarar
12.00 Kvifor vel elevar å halde på nynorsk i ungdomsskulen?
ved Janne Sønnesyn, fyrstamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet
Spørsmål og ordskifte
12.45 Pause (med noko å bite i)
13.00 Helsing til Noregs Mållag frå Anne Lindboe, ordførar i Oslo
13.15 Færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål. Ein gjennomgang av kartlegging av læringsressursar på nynorsk
ved Anniken Hotvedt Sundby, fyrsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg og Live Håberg, universitetslektor ved Universitetet i Søraust-Noreg
Førebudde kommentar: Thom Bjørnar Jambak, nestleiar i Utdanningsforbundet
Spørsmål og ordskifte
14.30 Takk for no! Lunsj og heimreise
Programleiarar: Gunnhild Skjold, styremedlem i Noregs Mållag, og Sebastian Natvik, leiar i Norsk Målungdom og styremedlem i Noregs Mållag
Praktisk:
Haustseminaret er i Nynorskens hus, Rosenkrantz gate 8. Det er i Teatersalen til Bondeungdomslaget i Oslo. Middagen er på Kaffistova i same huset.
Deltakaravgift for éin dag inkl lunsj: 250 kroner
Deltakaravgift for begge dagane inkl lunsj: 500 kroner
Festmiddag på Kaffistova laurdag kveld 250 kroner.
Reisa til/frå Oslo og hotell må deltakarane eller laga betale sjølve.
Vi har avtale med Quality hotel Entry som ligg på Mastemyr, om lag 20 minutt med buss sør for Oslo.
Kontaktperson gjennom helga: Hege.Lothe@nm.no // 926 48 348
Alle er velkomne!