aktuelt

Vellukka valmøte gav gode signal

Kandidatane som kappast om å kome på Stortinget frå Hordaland valkrets har mykje dei vil gjere for nynorsken. Det kom fram på Hordaland Mållag sitt valmøte i samband med stortingsvalet.

Hordaland Mållag skipa måndag 16. august eit digitalt valmøte med temaet «Vilkåra for nynorskelevane i skulen». Denne våren vedtok Stortinget ei ny språklov der det vart slege fast at nynorsk og bokmål er to allmenne og jamstilte skriftspråk i Noreg. Dette må kome til uttrykk i den nye opplæringslova. 

Desse politikarane sat i panelet (sjå biletet over, frå øvst til venstre til nedst høgre): Tore Storehaug (KrF), Sveinung Rotevatn (V), Terje Kollbotn (R), Hans Inge Myrvold (SP), Odd Harald Hovland (AP), Øyvind Strømmen (MGD), Lisa May Sæle (H), Sigurd Andre Maraas (FrP) og Anna Sofie Ekeland Valvatne (SV).

Liva Thiis, masterstudent på lærarutdanninga ved NTNU innleia om språkdelte ungdomsskular. Knut O. Dale, leiar i skulemålsnemnda i Hordaland Mållag innleia om sidemålsordninga, og Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, innleia om digitale læremiddel og om opplæring i nynorsk i grunnskulen og i barnehagar.

Etter desse innleiingane fekk kandidatane fem minutt kvar til å fortelje korleis deira parti stiller seg til dei politiske krava frå Hordaland Mållag (sjå tabell) før det blei opna for eit generelt ordskifte.

Hordaland Mållag sine krav:
– at nynorskelevar har rett til å gå i språkdelte klassar på ungdomsskulen og at denne retten  må lovfestast slik som det er i barneskulen.

– at retten til å byta hovudmål vert flytta til elevane har fullført heile grunnskulen. Dermed  vil dei vera modnare, ha eit sikrare grep om hovudmålet sitt og vera betre i stand til å ta  godt reflekterte val om kva hovudmål dei ynskjer ved overgangen til den vidaregåande  skulen.  

– at elevane i den vidaregåande skulen skal koma opp til eksamen i både nynorsk og  bokmål siste året i den vidaregåande skulen. 

– at elevane i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma skal prøvast i begge skriftspråka på  eksamensdagen. 

– på dei studiespesialiserande utdanningsprogramma skal den gamle ordninga med  obligatorisk eksamen i hovudmål og sidemål på to ulike dagar, gjelda. 

-at krava i hovudmål og sidemål skal verta likestilte som tidlegare. 

– at – for å styrkja nynorsk allment i samfunnet – må bokmålselevar verta kjende med  nynorsk alt frå fyrste klasse i grunnskulen. 

– at opplæring i nynorsk må starta alt på mellomssteget i grunnskulen. at digitale læremiddel må koma ut både på nynorsk og bokmål slik som det er elles i  skuleverket. 

– at i barnehagar i nynorskområde skal regelen vera at førskuleborna møter nynorsk i  opplesingar og songar og at dette må arbeidast inn i barnehagelova.

TABELL: Politikarane sine svar på krava kan du lese her.
OPPTAK: Her kan du høyre opptak av valmøtet.

Innleiinga til Peder Lofnes HaugeInnleiinga til Knut O. Dale

Innleiinga til Liva This