aktuelt

Venstrehandsarbeid om nynorsk

– Språkpolitikken i Venstre sitt førsteutkast til stortingsvalprogram er syltynn og ei klar svekking av partiets nynorskpolitikk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Sveinung Rotevatn la torsdag fram Venstre sitt førsteutkast til stortingsvalprogram. Noregs Mållag er skuffa over eit lite konkret og svært mangefullt program for nynorsk.

– Eit program med tittelen «Frihet og muligheter for alle» bør ta sikte på å gje fridom og moglegheiter også for nynorskelevane. Her må Sveinung Rotevatn som har tatt over leiinga av programarbeidet, gjere ein jobb fram mot andreutkastet, seier Peder Lofnes Hauge.

Peder Lofnes Hauge saknar ein tydeleg ambisjon for nynorsken, særleg i skulen.
– Venstre må gå til val på å halde på og styrkje sidemålsordninga, med eigen karakter og eksamen. Nynorskelevane må få rett til å gå i eigne nynorskklasser også på ungdomsskulen, og dei må få lik rett til og tilgang på digitale læremiddel på nynorsk.

Han meiner førsteutkastet ikkje følgjer opp viktige målsettingar om at det skal vere like enkelt å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i samfunnet, og er redd nynorskelevane får ei dårlegare lese- og skriveopplæring enn bokmålselevane.

– Nynorsbrukarane må møte meir nynorsk og sikrast språkmektige lærarar gjennom heile studieløpet, frå barnehagen og til høgare utdanning. Paradoksalt nok er dette programmet mindre ambisiøst enn den nynorskpolitikken Venstre sine statsrådar kjempar for i regjering. Partiet som har lagt fram ei historisk språklov, kan ikkje gå til val med eit program blotta for konkrete nynorsktiltak, seier Peder Lofnes Hauge.

Les heile framlegget til nytt stortingsprogram for Venstre.