aktuelt

Ventar fleire nynorsk-millionar i forhandlingane

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

– Det må koma meir pengar til nynorsken etter Audun Lysbakken og SV har sagt sitt, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

Året 2022 starta med eit rekordstort Noregs Mållag og ei ny språklov. Dette meiner Noregs Mållag ikkje syner igjen i statsbudsjettet regjeringa legg fram i dag.

Eit samla nynorsk-noreg har gjennom Nynorsk forum ei auka løyving til Noregs Mållag øvst på prioriteringslista.
–  Det er ingenting som gir meir nynorsk for pengane enn auka løyving til Noregs Mållag, seier Peder Lofnes Hauge.

– Det er vi som må gje ei handsrekking lokalt, som får klager der det ikkje fungerer og som tek eit ekstra tak for ikkje å ramla bakpå i språkpolitikken. Folk melder seg inn i Mållaget når dei opplever at nynorsken ikkje blir tatt godt nok hand om, og der taler veksten i Mållaget for seg sjølv, seier Peder Lofnes Hauge.

Ny opplæringslov kan ikkje bli ei kvilepute

Statsbudsjettet kjem ikkje med ei løysing til dei nynorskelevane som i dag ikkje har digitale læremiddel og digitale læringsressursar på nynorsk eller som ventar på språkdelt ungdomsskule-klasse. 

– Den nye opplæringslova som kjem vert viktig, men det pågåande lovarbeidet kan ikkje vera ei kvilepute for å gje nynorskelevane dårlegare opplæring enn bokmålselevane i ventetida, seier mållagsleiaren.

Manglar nynorsk teatersatsing 

Peder Lofnes Hauge set pris på at ordboksarbeidet ved Universitetet i Bergen får løyvingar som gjer at dei kan halda fram arbeidet sitt. 

– Mållaget meiner at Det Vestnorske Teateret burde få den auka statlege løyvinga dei treng for å vidareføra den viktige nynorske teatersatsinga i nynorskbyen Bergen, seier Peder Lofnes Hauge.