korleis drive eit lokallag

Verve medlemer

Utan medlemer – ingen lokallag. Verving er ein viktig aktivitet

Det enklaste er om nye medlemer sender NYNORSK til 2490. Då får me betalinga med ein gong. Om de står på stand kan de også samle info på ei liste, og sende inn på e-post til oss. Her er våre tips for å lukkast med vervinga 

  • Det er lurt å planleggje verving på styremøtet. Legg gjerne ein strategi som kan fungere i lokalmiljøet dykkar, og lag gjerne innlegg på Facebook med lokal vri.
  • Skjer det noko i lokalmiljøet? Då er det lurt å sette opp stand. De kan tinge standutstyr i Krambua. Sjekk om de treng løyve til å ha stand.
  • Spør dei næraste (familie og vener). Hugs at me har husstandsmedlemskap: ein medlem som bur på same adresse som ein fullt betalande medlem, får halv pris av vår sentrale sats, og får ikkje Norsk Tidend i posten. Innmeldingsprisen på 200 kr er den same.
  • Hugs at folk berre treng å få spørsmålet «Vil du bli medlem?». I verste fall får ein eit nei.
  • Hugs at medlemstalet gjev utsendingsrettar til landsmøtet, og at laga med lokallagssats får medlemspengerefusjon per medlem.
  • Ta kontakt med Erik Grov om de har spørsmål eller treng innspel.

Finn dei gode argumenta til vervinga her.