aktuelt

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god opplæring i og på språket deira. Kva nynorskhjelp lærarstudentane får gjennom fem år på studiet, kjem an på kvar dei studerer og kven som arbeider ved  utdanningane. 

Låg nynorskkompetanse blant lærarar er eitt av dei største trugsmåla mot nynorsken i skulen og ein av grunnane til språkskifte, særleg i språkblanda område der nynorsk og bokmål lever side om side. Det er ulike praksisar for å gje nynorskopplæring i lærarutdanningane på dei ulike utdanningsinstitusjonane. Det finst  ikkje eit system for å sikre at lærarutdanningane gjer framtidige lærarar, uansett kva fag, kompetente til å undervise på og i nynorsk som hovudmål. 

Læreplanverket definerer lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter som skal øvast opp i alle fag. Det er ferdigheiter som er viktige for utviklinga av identitet og sosiale relasjonar hjå elevane, og for å kunne delta i utdanning, arbeid og samfunnsliv. Difor er det ferdigheiter elevane bør få øve på i alle fag. Då må lærararstudentane i alle fag få nok trening gjennom studiet til at dei kjenner seg så trygge i nynorsken, at dei kan lære han vekk. Det vil opne for at også nynorskelevar kan få den avgjerande mengdetreninga som ligg til grunn for ei god lese- og skriveopplæring.

Rammeplanane for lærarutdanninga må stille klare krav til kva språkkompetanse lærarstudentane skal ende opp med. All forsking som er gjort på feltet, viser at formuleringane som er i rammeplanane, er sentrale for nynorskopplæringa. Ein treng tydelege forventingar og målsettingar. 

Vi må sikre at anten du tek lærarutdanninga i Sogndal, på Hamar eller i Oslo, så blir du ein lærar som også meistrar nynorsk så godt at du kan undervise på språket. For i minst 3000 klasserom rundt i Noreg er det nynorsk som er undervisningsspråket. Det er norske kommunar som skal rekruttere lærarar til desse klasseromma. Difor må det stå på vitnemålet til lærarstudentane kva kompetanse dei har for å drive opplæring i og på nynorsk. Utdanning av nye lærarar er viktig for framtida for norsk språk. Då må ei god lærarutdanning gje lærarstudentane den naudsynte kunnskapen og kompetansen.

Peder Lofnes Hauge