aktuelt

Vidare vekst og vinning skal kome med oss

Foto: Kristianne Marøy

I år skal vi bli 16 000 medlemer i Noregs Mållag

Leiarteigen: Peder Lofnes Hauge

Noregs Mållag har lagt bak seg eit vellukka landsmøte, og det var ein kveikt gjeng som reiste heim frå Trondheim sundag 21. april. Vi hadde gode ordskifte om viktige politiske og organisatoriske saker, og det er godt å kjenne på den driven som er i laget for tida. For min eigen del vil eg takke for attval som leiar. Det er sanneleg eit stort privilegium å få leie ein rekordstor organisasjon i to nye år. Dette blir min tredje periode med verdas kjekkaste jobb. Takk!

Vi er ei stor politisk kraft. Vi er ei brei, nasjonal folkerørsle.

I 2023 hadde vi 15 682 betalande medlemer. Det er det høgste medlemstalet sidan 1985. Saman med Norsk Målungdom er den organiserte målrørsla over 17 000 medlemer, frå alle kantar av landet. Vi er ei stor politisk kraft. Vi er ei brei, nasjonal folkerørsle.

I leiartalen min til landsmøte sa eg at 2024 skal bli året der Noregs Mållag passerer 16 000 medlemer. Det vil krevje godt vervearbeid, både frå sentrallekken og ute i laga, men eg trur vi
skal klare det. I tre år på rad har vi landa på over 15 000 medlemer. Når eg skriv denne teigen er vi faktisk 1750 fleire betalande medlemer enn på same tid i fjor (!). Då sette vi rekord.

I arbeidsprogrammet frå 2022 har vi vedteke eit ambisiøst mål: «Vekst i medlemstalet kvart år». Vi skal få fleire medlemer, og fleire medlemer skal bli aktive. Ein større og sterkare organisasjon gjer det mogleg for oss å stille meir makt bak dei politiske krava våre – slik at vi igjen kan få større gjennomslag.

Når du les denne teigen har det nyvalde styret alt vore samla for å gå gjennom arbeidsprogrammet. Programmet gjeld frå 2022 til 2026, så vi har gode to år igjen på oss til å gjere så mykje som mogleg av det til røyndom. Vi har fått gjort mykje dei siste åra, men mykje står framleis att. Vi har bak oss nokre store, tunge lovprosessar, med ny språklov og ny opplæringslov. Dette har tatt mykje tid og krefter dei seinaste åra. Eg håpar vi kan få gjort endå meir for den nynorske digitale kvardagen i åra som kjem.

Den smarte teknologien som skal gjere livet vårt enklare kan fort gjere det vanskelegare, dersom den ikkje forstår nynorsk eller ulike norske talemål.

Kunstig intelligens og språkteknologi var eit hovudtema på årets landsmøte. Vi kravde mellom anna ein handlingsplan for norskspråkleg digitalisering. Utviklinga av språkteknologisk programvare, læringsverktøy, læremiddel og anna programvare har i aukande grad innverknad på språktilhøva i Noreg. Denne utviklinga kan ikkje aleine bli styrt av internasjonale selskap utan ansvar for den norske språksituasjonen. Engelsk dominerer, og i den grad det er norsk å finne er det som regel bokmål.

Den smarte teknologien som skal gjere livet vårt enklare kan fort gjere det vanskelegare, dersom den ikkje forstår nynorsk eller ulike norske talemål. Det hjelper ikkje med talestyrt teknologi om han ikkje forstår kva vi seier. Om det fører til einsretting av talemålet er det alvorleg.

Vi må fyrst og fremst leggje press på styresmaktene. Digitaliseringa av samfunnet påverkar sjølvsagt språket vårt i stor grad, og det kviler eit tungt ansvar på regjeringa og Stortinget for å finne løysingar som gjer det like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar, også digitalt.

Ein ting er iallefall sikkert: Vidare vekst og vinning for målrørsla skal kome med oss. Då må vi bli fleire. Kva med å verve ein ven før du les ferdig denne utgåva av Norsk Tidend?