Vikariat ledig hjå Mållaget
Noregs Mållag søkjer etter medarbeidar med engasjement for nynorsk, som er allsidig, kreativ og fleksibel og som ønskjer å arbeida som kommunikasjonsrådgjevar i heil- eller deltid hausten 2024.
Dei sentrale arbeidsoppgåvene er:
– heimesider og sosiale medium
– grafisk formgjeving knytt til sosiale medium, profiltilfang og informasjonsmateriell
– informasjons- og pressearbeid
For stillinga gjeld:
Du bør ha utdanning på høgskule- eller universitetsnivå og røynsle frå kommunikasjons- og organisasjonsarbeid. Stillinga krev evne til sjølvstendig arbeid og kan føra med seg noko reising.
Kommunikasjonsrådgjevaren samarbeider nært både med den valde leiinga og med dei seks andre tilsette på skrivarstova. Du vil bli del av infogruppa som har møte kvar veke.
Stillinga blir lønt i lønssteg 50–62 med innplassering etter utdanning og ansiennitet. Arbeidsspråket er nynorsk.
Vikariatet er ledig frå 19. august til 20. desember, og vi ser etter deg som kan arbeida i mellom 50 og 100 % i minst tre av desse fire månadene. Kontorplass Oslo. Andre kontorstader og fordeling av arbeidstid kan i særlege tilfelle vera aktuelle.
Søknad med kopi av attestar og vitnemål kan sendast til Noregs Mållag, Dronningens gate 22, 0154 Oslo, eller på e-post til dagleg leiar, gro.morken@nm.no.
Søknadsfrist: 19. mai 2024
Om Noregs Mållag:
Noregs Mållag arbeider for å fremja nynorsken og dialektane. Vi har i dag nær 16 000 medlemer i om lag 180 lokallag over heile landet, eit styre på sju medlemer, landsmøtevald leiar i 100 % frikjøp og landsmøte annakvart år. Skrivarstova har i dag sju heiltidstilsette. Vi held til i Oslo sentrum. Noregs Mållag er medlem i arbeidsgjevarorganisasjonen Virke, med pensjonsordning for dei tilsette.