aktuelt

Viktige vedtak for nynorsk i Vestland

Eit samrøystes hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylke fatta onsdag viktige vedtak for nynorsken og nynorskelevane:

• Utvalet ber fylkesdirektøren setje i gang arbeidet med målbruksplan for Vestland fylkeskommune. I tillegg ber utvalet om at det vert gjennomført vidare kartlegging av korleis elevar og tilsette møter nynorsk i skulekvardagen.

• Utvalet ber om at målbruksplanen inneheld retningslinjer og tiltak for å oppfylle opplæringslova paragraf 9–4, som gir elevar og lærlingar same retten til lærebøker og læremiddel på nynorsk som på bokmål. Dette bør `òg omfamne digitale læremiddel, meiner utvalet.

• Utvalet tilrår at tilsette ved vidaregåande skular og rettleiingstenestene jamleg blir tilbydde kurs i nynorsk.

• Utvalet ber fylkesdirektøren syte for at tilsette, elevar og lærlingar i fylket har tilgang på kontorstøttesystem på nynorsk.

Svart på kvitt

– Det er veldig bra at fylkeskommunen tek innover seg at det heller ikkje i Vestland er like lett å vere nynorskbrukar som det bør vere, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

– Dei skriv svart på kvitt i saksutgreiinga at mangelen på nynorske læremiddel fører til språkskifte frå nynorsk til bokmål. Det er svært alvorleg.

Avsnittet Hauge viser til, er dette:

Kor mange elevar som byter målform når dei startar i vidaregåande skule er det ikkje statistikk på, men fleire skular peikar på at der læremiddel kjem ut på bokmål lenge før nynorskutgåve, vel nokre elevar å byte målform frå nynorsk til bokmål. Dette kan skje på alle trinn.

Viktig signal

Hauge tykkjer det er viktig at Vestland som skuleeigar no tek grep for å betre situasjonen for elevane, også digitalt. Det er eit viktig signal å sende til nasjonale styresmakter, som no skal revidere opplæringslova.

– Utfordringane for nynorskelevane blir større etter kvart som skulekvardagen blir meir digital. Ho må sikre at nynorskelevane får den same retten til og tilgangen på digitale verktøy og læremiddel som bokmålselevane, seier Hauge.