aktuelt

Vil ha god språkpolitikk frå Guri Melby

– Vi ønskjer Guri Melby velkommen som kunnskapsminister og har trua på at ho får gjennomført ein god språkpolitikk i skulen, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Ho får to viktige dokument på sitt bord. Det er innføringa av ny læreplan og høyring om ny opplæringslov. Med enda ein ny statsråd frå nynorskpartiet Venstre forventar Noregs Mållag offensive tiltak for nynorsken.

Kulturdepartementet sitt arbeid med ny språklov munnar snart ut i språkmelding og lovframlegg. Venstres kulturpolitikk dei seinare åra har vist vilje til tiltak for å hegne om nynorsken som det minst brukte språket. No vonar vi på slike grep også i skulepolitikken.

– Det fyrste Guri Melby må få igjennom i budsjettdrøftingane for 2021-budsjettet, er oppstart av språkdelt ungdomsskule.
I 2016 bad eit samla Storting regjeringa greie ut ei endring i opplæringslova som vil sikre nynorskelevane rett til opplæring på eige språk ut ungdomsskulen gjennom å få gå i eiga klasse. Til 2020-budsjettet trenerte regjeringa tiltaket for fjerde år på rad. Med nordisk-filologen og skrivelæraren Guri Melby som statsråd må tida vere inne for å levere.

– Vidare må Guri Melby rette på ein stygg mangel i forskrifta til opplæringslova, seier Magne Aasbrenn.
– Med eit lite pennestrok kan ho få inn att tekstbehandlingsprogram og andre kontorstøtteprogram og slik sikre at dei ligg føre på både bokmål og nynorsk i skulen. Ei slik forskriftsendring vil gjere det ulovleg for skular å bruke skriveprogram som manglar nynorsk retteordliste. På dette feltet har vi ein kritisk situasjon, der nynorskelevar på mange skular, både dei som nyttar Google Chromebook og dei som nyttar Word på iPad, har mykje dårlegare skrivestøtte enn bokmålselevane.

– Den nye læreplanen i norsk som kom i fjor, slår fast at lærarane skal stille lågare krav til kompetanse i sidemål enn i hovudmål. Dette opnar for eit stort, taktisk språkskifte der nynorskelevar byter hovudmål for å få større utteljing for nynorskkompetansen om han vert testa som sidemål, seier Magne Aasbrenn.

– Guri Melby må kompensere dette gjennom å innføre eit ekstrapoeng til dei som har nynorsk som hovudmål.