aktuelt

Vil starte opp Kyrkjemållaget

Denne våren er det to sokneprestar som har teke initiativ til å starte opp yrkesmållag for medlemer som har arbeidet sitt innanfor Den Norske Kyrkja.

Det nye laget heiter førebels Kyrkjemållaget. Men akkurat namnet på laget skal det komande skipingsmøtet avgjere. Kyrkjemållaget kjem til å ta opp att tradisjonen frå Teologisk Mållag. Det var eit yrkesmållag som vart forsøkt skipa sist på 90-talet, utan at det vart varig aktivitet. 

Førebels kontaktperson er Per Kristian Hovden Sætre. Han er sokneprest i Volda.  

Velkomen som medlem 
Eit lag i Noregs Mållag må ha 10 medlemer. Det er framleis ikkje ti medlemer i laget, og naturleg nok ynskjer dei seg fleire medlemer. 

Er du allereie medlem i Noregs Mållag og har lyst til å vere sidemedlem i Kyrkjemållaget, så kan du bli medlem for 40 kroner. Vipps 40 kroner til 90540 (og skriv medlemskap i Kyrkjemållaget). 

Er du heilt ny i Noregs Mållag, kan du melde deg inn via nettsidene til Noregs Mållag: www.nm.no/bli-medlem/ Skriv at du vil vere med i Kyrkjemållaget. Innmelding kostar 200 kroner. Då blir du hovudmedlem i laget. 

Litt lenger ut på våren vert det invitert til skipingsmøte. 

Per Kristian Hovden Sætre (kontaktperson) kan du nå på e-post: ps258@kyrkja.no eller telefon 95769292. Fyrste del av våren er han oppteken på anna hald, men tek gjerne imot namn på folk som ynskjer å bli aktive eller andre innspel.