aktuelt

Ville du sagt dette til Alf Prøysen, Finn-Erik Vinje?

Ville du tenkt at Alf Prøysen ikkje var ein lesande person? Eller ein som ikkje meistra skrivekunsten i særleg grad? Desse utdaterte haldningane til dialekt kjem frå språkprofessor Finn-Erik Vinje.

I intervju med Dagsavisen skryter Finn-Erik Vinje av sin tidlegare universitetslærar Eyvind Fjeld Halvorsen, som ville bruke rottegift på dialektane.

Vinje seier vidare at
«Jeg ville ikke trekke den slutningen at du som dialekttalende var dum eller at ditt intelligensnivå ikke var særlig høyt. Det ville selvsagt vært en forferdelig og altfor rask slutning. Men la meg si det litt annerledes: Jeg ville kanskje kunne trekke den slutningen at du ikke er noen lesende person, at du ikke skriver særlig mye, at du ikke er vant til skrivekunsten i særlig grad.»

– Vi i Mållaget er vane med at ikkje alle deler haldningane våre, men dette tykkjer vi er å gå for langt. Dialekt er identitet, og i 2020 bør vi kunne respektere og gle oss over den store kulturelle verdien dialektmangfaldet har for Noreg, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Denne veka er det 50 år sidan Alf Prøysen døydde. Han skreiv på ringsakerdialekt på 50- og 60-talet. Han gjorde braksusess med boka Trost i Taklampa som også vart publikumsuksess på Det Norske Teatret i Oslo. Både visene hans og barnebøkene om Teskjekjerringa vart folkeeige. På denne tida var det ikkje mange kunstnarar som brukte heimemålet. Difor vart det svært viktig det Alf Prøysen gjorde nasjonalt. Det var mange småkårsfolk som kjende seg att og tykte deira liv og deira dialekt vart verdsett i tekstane hans.

Noregs Mållag har arbeidd i 114 år for at alle fritt skal kunne nytte dialekten sin, og for at folk i bygd og by skal velje og ta i bruk det nynorske skriftmålet. Nynorsk er ein av dei største kulturelle skattane Noreg har, og er det einaste språket som byggjer på dei norske dialektane.