aktuelt

Vips er Vipps på nynorsk

– At ein no kan bruke Vipps på nynorsk betyr meir nynorsk til veldig, veldig mange, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. (Foto: Hege Lothe / Noregs Mållag)

Ein av Noregs mest brukte appar kjem no i nynorskversjon. På nynorskdagen, lanserte Vipps nynorsk språkversjon av appen.

– Dette er ein ekte festdag! At ein no kan bruke Vipps på nynorsk, betyr meir nynorsk til veldig, veldig mange, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. 

– Vi er glade for at Vipps no tek nynorsk under vengjene og gjer sitt for jamstillinga mellom dei to skriftspråka. No håpar vi alle går inn på Vipps og vel nynorsk som språk, seier Peder Lofnes Hauge. 

Nyheita om at brukarar no kan velje nynorsk språk i betalingsappen Vipps, kjem på nynorskdagen. 12. mai 2024 er det 139 år sidan Stortinget gjorde vedtak om at nynorsk og bokmål er likestilte språk i Noreg. Difor markerer Noregs Mållag dagen som nynorskdagen. 

Mållaget har sjølv vore med i arbeidet med å gjere Vipps nynorsk. 

– Gode krefter i Vipps tok kontakt og sa at no er alt klart for at appen kan kome på nynorsk. Då heiv Mållaget seg rundt og omsette tekstmaterialet til nynorsk. Og vips er Vipps på nynorsk, fortel mållagsleiaren. 

Kvippse eller vippse
Vipps har laga ein spesiell vri i dei fyrste dagane. Då kan du «kvippse» i nynorskversjonen. I den neste versjonen kan du «vippse» også på nynorsk.

Skift til nynorsk Vipps. Slik gjer du det:
> Oppdater appen
> Opne Vipps og trykk på Profil, så Innstillingar
> Trykk på Varsel- og språkinnstillingar
> Trykk på Språk nederst og byt til nynorsk

iOS.brukarar kan oppleve at dette ikkje fungerer. I så fall kan ein prøve å endre språkinnstillingane på mobilen. Slik gjer du det:

> Opne Innstillingar
> Trykk på Generelt, så Språk og område
> Legg til Norsk nynorsk som føretrekt språk.
> No kan du igjen opne Vipps. Enten så er språket endra automatisk eller så kan du følgje oppskrifta over på nytt.

Til slutt: Test gjerne med å vippse ei gåve til Noregs Mållag på 90540, om du vil.