aktuelt

Ynskjer lov og løyving frå Lubna

Ny kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery og statsminister Jonas Gahr Støre på Slottsplassen. (Foto: Torbjørn Kjosvold)

Noregs Mållag har store forventingar til landets nye kulturminister, Lubna Boby Jaffery (Ap).
– Eg trur regjeringa sjølv ser at dei lyt ta i eit tak for nynorsken no, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, som trur det kjem nynorsken til gode at Jaffery no sit rundt Kongens bord.

– Lubna Jaffery har vore ein del av eit politisk prosjekt i Bergen som verkeleg satsar på nynorsk. Der har det politiske miljøet tatt innover seg at det krevst politisk handling for å jamne ut tilhøvet mellom bokmål og nynorsk, gjennom målretta tiltak for å styrkje det minst brukte av dei to norske skriftspråka. At ho no styrer Kulturdepartementet, lovar godt, seier Peder Lofnes Hauge.

Han ynskjer lukke til med eit viktig arbeid, og han har fleire innspel til gjeremålslista til den nye statsråden:

Den nye språklova må bli betre
Då det førre Stortinget vedtok den nye språklova, røysta fleirtalet ned ei rekkje forslag frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet som ville gjort lova betre for nynorsken. Det bør dagens regjeringsparti gjere noko med.
– Eg forventar at regjeringa sender eit nytt lovforslag til Stortinget, slik vi blei lova før valet. Arbeidarpartiet kan ikkje leve med dei delane av lova som viser at ho kom under førre regjering. Framlegga er ferdig formulerte og førte i pennen av Arbeidarpartiet sjølv, og dei har eit avklart fleirtal bak seg i Stortinget.

Auka budsjettløyving til Noregs Mållag
– Eit samla nynorskmiljø har prioritert ein auke på 1 million i løyvingane til Noregs Mållag som det viktigaste enkelttiltaket for nynorsken på statsbudsjettet. Vi har opplevd enorm medlemsvekst dei siste åra, men ikkje tilsvarande auke i ressursar.  På mange område treng staten oss for å passe på sin eigen språkpolitikk. Ingenting gjev meir nynorsk for pengane enn auka løyving til Noregs Mållag.

Satsing på nynorsk scenekunst

– Lubna Jaffery kan bli statsråden som tettar gapet mellom dei to nasjonale teatera våre, Nationaltheatret og Det Norske Teatret. Dei siste tretti åra har DNT mista nær ein million i året, og teatera må likestillast også i tilskot.