FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2019
Valdres Mållag
E-post: reiduda @ online.no

Valdres Mållag Kontakt oss Tidlegare saker

Barnehageturne i Vang

 (12.05.2011)

Barnehageturne i Vang
Etterlysing av ”barnehage-besteforeldre”.

Forteljinga om Rødalsuksin og songar som Brom brasken i bomba slo an hjå barnehageungar og –tilsette i Øye barnehage.
Representantar frå Vang Mållag har vore rundt i alle dei 4 barnehagane i Vang i samband med kampanjen ”Gjennom ord blir verda stor” som Noregs Mållag no dreg i gang i alle barnehagar i landet. Meininga med den er å bevisstgjere tilsette og ungar på kor viktig språket vårt er i bygging av identitet og kultur. I Vang er nynorsk hovudmål, så det er sjølvsagt at ungane skal møte nynorsk i barnehagen. Men i alle barnehagar, uansett målform, bør barna møte nynorsk og dialekt, slår Kunnskapsdepartementet fast. Slik er denne kampanjen aktuell for alle barnehagar i Valdres. Øye barnehage fekk eit spørjeskjema der det var ulike spørsmål om bruken av dialekt og nynorsk.
Anne Lajord Belsheim er ein meister i å syngje lokale folketonar og i å få både barn og vaksne med på songar og songleikar. At ho er førskulelærar med lang røynsle frå barnehagen er nok ingen ulempe i denne samanhengen. Ho er også ein stø dialektbrukar og kan vere eit føredøme for alle barnehagetilsette i å bruke sin dialekt for å bevisstgjere ungane (med ulik dialekt) på det språklege mangfaldet i barnehagen. Dei tilsette har ei svært viktig rolle som kulturformidlarar, seier ho. .
Sigfred Hovda er flink til å fortelje og kunne slik vise og inspirere til å bruke dialekt i sogerog regler og også i opplesing, anten no teksten i boka er nynorsk eller bokmål. Det barnehagane kunne ynskje seg, seier dei, er ”besteforeldre”, kanskje pensjonistar, som kan kome i barnehagen av og til. Alle forteljingar om korleis det var ”i gamle dagar” er ein sikker vinnar hjå ungane. Og slik kan ein også få fram det språkleg mangfaldet. Vang Mållag vil arbeide vidare med denne tanken, og tek gjerne imot tips frå frivillige til besteforeldrerolla i barnehagane..
Randi Eltun er einlaga til ei slik oppgåve, og ho har også i fleire år vore tilsett og fast vikar i barnehagen. Ho var og med no, og kunne fortelje at budeia som møtte Rødalsuksin var i slekt med mannen hennar. Og steinen der oksen stod, kan du sjå ved stigen som går på Rødalen. Det er ekstra spanande når ungane opplever at dei kan knyte forteljingar og songar til noko kjent.
Vang Mållag hadde med seg ei lita gåve, nokre nynorske barnebøker og songboka ”Song for deg og meg” av Odd Nordstoga. Desse fall i god jord. Det er lett at mange bøker og anna skriftleg materiale blir på bokmål, også i nynorskbarnehagar, seier dei tilsette Dei fekk tips om nynorske barnebokklubbar og vart oppmoda til å abonnere på Pirion, som er ei kulturavis for barnehagar
For alle barnehagane i Valdres er kultur eit satsingsområde. Barnehagen skal vere ein kulturarena, og det var mykje kultur i Øye barnehage denne føremiddagen
Vang Mållag slutta seg fullt ut til det ei barnehagemor skal ha sagt: Eg ynskjer meg ein barnehage der det ikkje berre blir lese, men der det er like viktig kva som blir lese, der det blir sunge, men der det er like viktig kva som blir sunge og der ungane får inn kjensla av å høyre til ein stad.
Det kunne gjerne stå som overskrift og motto for denne barnehageturneen.

BL
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS