Organisasjonen Noregs Mållag

Noregs Mållag er ein demokratisk oppbygd medlemsorganisasjon med 18 fylkeslag og om lag 170 lokallag.

Samskipnaden har 13 581 medlemer (2019). Ungdomsorganisasjonen Norsk Målungdom har 1 470 medlemer (2019).

Noregs Mållag vart skipa 5. februar 1906, men dei fyrste lokale mållaga kom alt i 1861–62. I 1913 fekk Mållaget eigen administrasjon (skrivarstova) og blei ein effektiv samskipnad på landsplan. Noregs Mållag fekk dagens namn på landsmøtet i 1922. På det meste, i 1977, hadde organisasjonen om lag 17 700 medlemer.

Noregs Mållag er ein av dei største språkorganisasjonane i verda

Peder Lofnes Hauge har vore leiar sidan 2020.
Her finn du lista over tidlegare leiarar.

Sjå lov for Noregs Mållag 

Sjå arbeidsprogram

Sjå prinsipprogram

Viktige årstal

1885

Bokmål og nynorsk vert likestilte skriftspråk i Noreg

|
1907

Sidemålsordninga i gymnaset vert innført

|
1930

Den fyrste mållova, for å likestille bokmål og nynorsk i statstenesta, vart vedteken

|
1970

Krav om at NRK skal bruke minst 25 % nynorsk vart vedteke

|
2014

Grunnlova vart vedteken på nynorsk

|

Vil du vite meir om nynorsk, målreising og Ivar Aasen? Sjå til dømes desse nettsidene:

Årsmeldingar

Årsmeldinga innheld ein gjennomgang av dei målpolitiske arbeidsfelta, oversyn over samskipnaden, økonomi, Norsk Målungdom og dei nærskylde tiltaka.

Årsmelding (2018–2020)

Tidlegare årsmeldingar

Årsmelding 2016–2018

Årsmelding 2014–2016

Årsmelding 2012–2013

Årsmelding 2011–2012

Landsmøte

Noregs Mållag held landsmøte annakvart år, i partalsår. Alle lokallag og fylkeslag har utsendingsrett til landsmøtet.

Møteboka frå landsmøtet i 2018