norsk tidend

42 nynorskkommunar underviser vaksne innvandrarar på bokmål

Ei kartlegging laga av Norsk Tidend syner at nær halvparten av nynorskkommunane underviser vaksne innvandrarar på bokmål.

TEKST: Jógvan Helge Gardar

I sumar kom nyhenda om at nynorskkommunane Etne og Stranda ville skifte frå bokmåls- til nynorskopplæring for vaksne innvandrarar. Ifølgje det oppdaterte oversynet frå Noregs Mållag, er stoda for vaksenopplæringa i nynorskkommunane no slik: 42 nyttar nynorsk, 42 nyttar bokmål, medan fire kommunar nyttar båe språka i undervisinga si. 

Ei kartlegging gjennomført blant dei 42 kommunane som nyttar bokmål, syner at grunngjevingane bak valet er varierande, men det er likevel nokre trekk som går igjen blant fleire av kommunane. 25 av kommunane svara på spørsmåla frå Norsk Tidend før avisa gjekk i trykken. 

Nynorsk i kjerneområda

Illustrasjonskartet til høgre viser ein tydeleg trend: Det er dei nynorske kjerneområda som helst nyttar nynorsk i vaksenopplæringa. I gamle Sogn og Fjordane underviser samtlege kommunar på nynorsk. Berre Kinn kommune nyttar i tillegg bokmål i opplæringa. Den same trenden gjeld for Søre Sunnmøre, medan kommunane rundt Ålesund (Giske, Haram og Sula) heller nyttar bokmål. Sula kommune forklarer situasjonen med at dei samarbeider med Ålesund kommune, som har valt bokmål som undervisingsspråk. I Hordaland er situasjonen blanda, med nynorsk i Voss herad og alle Hardanger-kommunane, men med bokmål ytst langs kysten i t.d. Austevoll, Austrheim og Øygarden.

Bokmål i randsonene

Den største konsentrasjonen av bokmålsundervising finn ein i dalføra på Austlandet: Samtlege nynorskkommunar i Gudbrandsdalen, Valdres og Hallingdal nyttar bokmål i undervisinga. Valle på Agder og Vinje i Telemark er dei einaste nynorskkommunane utanfor Vestlandet som underviser vaksne innvandrarar på nynorsk. Elles underviser også alle kommunane på Agder og i Telemark på bokmål.

Samansette grunnar

Dei 42 kommunane fekk fritt høve til å grunngje språkvalet sitt. Dei oppgjev mange ulike grunnar til at valet har falle på bokmål:

  1. Innvandrarane møter mest bokmål. 13 av 25 kommunar som svarte, oppgjev språkbruken elles i samfunnet som ein viktig faktor i valet. Innvandrarane møter mest bokmål i tradisjonelle og sosiale medium, i kontakt med staten og det norske samfunnet elles. Bokn kommune oppsummerer det slik: «Det er den målformen de møter i de fleste sammenhenger, gjennom generell informasjon og oppslag når de ferdes i det norske samfunnet.»
  2. Bokmål vert mest nyttig seinare. 8 av 25 kommunar skriv at bokmål vert nyttigare for innvandrarane i vidare utdanning og arbeidsliv. Ein del vel å flytte frå nynorskkommunane og inn til byane. Austrheim kommune skriv: «Mange av deltakarane går vidare til utdanningsløp, yrkespraksis eller arbeid der bokmål er det dominerande skriftspråket.» Øystre Slidre kommune legg til: «Om dei skulle velje å flytte, er det erfaringsmessig sannsynleg at dei flyttar til ein bokmålskommune.»
  3. Samarbeid om vaksenopplæringa. 8 av kommunane fortel at dei samarbeider med eller kjøper tenester av andre kommunar, som utan unntak i denne undersøkinga har valt bokmål som undervisingsspråk. Det gjeld t.d. Ryfylke læringssenter i Strand kommune, der elevane frå Hjelmeland går, og Bryne kompetansesenter, som samlar elevane frå kommunane Time, Klepp og Hå.
  4. Lokal forståing. 5 av kommunane skriv at bokmål ligg nærare språkbruken i kommunen eller regionen, og at det derfor vert lettare for innvandrarane å integrere seg lokalt. 
  5. Bokmål er lettare å lære. 5 av kommunane oppgjev at vanskegraden er høgare for nynorsk enn bokmål, og at dét har vore ein faktor i valet av opplæringsspråk.

I tillegg gjev kommunane opp mange andre grunngjevingar for språkvala. Lom kommune skriv at språkopplæring før vaksenopplæringa er ein faktor: «Mange av flyktningane som kjem til oss har lært noko norsk i mottak. Utan unntak (så langt vår erfaring rekk) har dei lært bokmål der.» Hægebostad kommune skriv: «Det er bokmål som de aller fleste får/fikk tilbud om på asylmottakene, og skolen kan dermed lettere ta utgangspunkt i det.»

Kommunane Nissedal og Sveio seier at dei tidlegare har undervist vaksne innvandrarar på nynorsk, men endra opplæringsspråk til bokmål etter ynske frå elevane sjølve. 

Kommunane er elles usamde om læremiddelsituasjonen. Nokre hevdar at dei nynorske læremidla heng etter, medan andre skriv at situasjonen har betra seg dei seinare åra, og at skilnaden ikkje er så stor lenger. Mange peikar likevel på den store diskrepansen når det gjeld anna undervisingsmateriale enn ordinære læremiddel.

Få førespurnader, ingen forsøk

Sjølv om fleire kommunar oppgjev at språkvalet er oppe til vurdering med jamne mellomrom, er det ingen som skriv at endringar har vore prøvde ut. Sauda kommune skriv likevel at vaksenopplæringa opna for at elevane sjølve kunne velje målform ved innskriving frå hausten 2024, men at ingen elevar har valt nynorsk til no.

Kommunane seier at dei mottek få førespurnader om å skifte opplæringsspråk, men fleire skildrar ulike problem som kan oppstå når borna får nynorskundervising i grunnskulen, medan dei vaksne lærer bokmål.


Nynorskkommunar med bokmålsopplæring

Agder 
Bygland 
Bykle 
Hægebostad 
Åmli 
Åseral 

Buskerud 
Gol 
Hemsedal 
Ål 

Innlandet 
Lom 
Nord-Fron 
Skjåk 
Vang 
Vestre Slidre 
Vågå 
Øystre Slidre 

Møre og Romsdal 
Aukra 
Fjord 
Giske 
Haram 
Sula 
Surnadal 

Rogaland 
Bjerkreim 
Bokn 
Hjelmeland 
Klepp 
Sauda 
Time 

Telemark 
Fyresdal 
Hjartdal 
Kviteseid 
Midt-Telemark 
Nissedal 
Seljord 
Tokke 

Vestland 
Austevoll 
Austrheim 
Bømlo 
Fedje 
Modalen 
Samnanger 
Sveio 
Øygarden

Nynorskkommunar med nynorskopplæring

Aust-Agder 
Valle 

Møre og Romsdal 
Hareid 
Herøy 
Sande 
Stranda 
Sykkylven 
Ulstein 
Vanylven 
Volda 
Ørsta 

Rogaland 
Vindafjord 

Telemark 
Vinje 

Vestland 
Alver 
Askvoll 
Aurland 
Bjørnafjorden 
Bremanger 
Etne 
Fitjar 
Fjaler 
Gloppen 
Gulen 
Hyllestad 
Høyanger 
Kvam 
Kvinnherad 
Luster 
Lærdal 
Masfjorden 
Osterøy 
Sogndal 
Solund 
Stad 
Stord 
Stryn 
Sunnfjord 
Tysnes 
Ulvik 
Vaksdal 
Vik 
Voss 
Årdal

Nynorskkommunar med både bokmåls- og nynorskundervising

Rogaland
Suldal

Vestland
Eidfjord 
Kinn 
Ullensvang