aktuelt

47 nye medlemer på ein vervedag!

Det kom inn 47 nye medlemer på Den store vervedagen. Mållaget har som mål å nå 14 000 medlemer!

Noregs Mållag har sett seg eit ambisiøst mål om 14 000 betalande medlemer i 2020. Fleire medlemer aukar sjansane for gjennomslag i ei kritisk tid for nynorsken i det norske samfunnet.

Heile 47 nye medlemer på vervedagen er kjempebra, og innmeldingane held fram med å tikke inn!

Til saman er me no 13 130 betalande medlemer, og har berre 870 igjen til målet! Hugs at de kan ringe til medlemene dykkar som ikkje har betalt. Sjå nedst i den oppdaterte medlemslista de fekk på onsdag.

Les meir om vervekampanjen og følg med og del gjerne innlegg på Facebook: www.facebook.com/noregsmallag/