Me går for 14 000!
Noregs Mållag har sett seg eit ambisiøst mål om 14 000 betalande medlemer i 2020.
Fleire medlemer aukar sjansane for gjennomslag i ei kritisk tid for nynorsken.
No treng me hjelp frå medlemer, tillitsvalde, lokallag og fylkesmållag til å verve! Spør sambuar, born, onklar, tanter, naboar og vener.
Det er lett å bli medlem:
Nye medlemer kan sende NYNORSK til 2490, og bli medlem ut 2021 for berre 200 kr.
Nye medlemer kan også gå inn på Bli-medlem-sida. Der kan ein betale medlemsskapen direkte eller sende inn melding om å bli medlem.
Det er også mogleg å melde inn nye medlemer ved å sende e-post til medlem@nm.no
Finn gode argument: Kvifor bli medlem i Noregs Mållag?
Vervemateriell kan tingast frå Krambua.