norsk tidend

– Eg trur lærar Moen var det einaste normale mennesket der ute. Det var liksom synd all ting.

Ungdomslaga våre har spela ei uvurderleg rolle for nynorsk, fellesskap og folkekultur over heile landet. I 2020 fyller eit av dei mest aktive, Austegdelaget i Arendal, 100 år. Jan Kløvstad skriv her om den store suksessen, men også korleis laget har mått kjempe seg gjennom både dårleg økonomi, okkupasjon og streng pietisme.

TEKST: JAN KLØVSTAD

Dei var idealistar, ville ha nynorsk i Arendal, dyrke folkeviseleik, kurse medlemmene i nynorsk, talekunst, skriving, folkeviseleik, husflid. Dei tok initiativ til sal av handverksprodukt frå bygdene og drift av bunadkontor, kaffistove (frå 1925) og bondeheim (frå 1935). Det var eit enormt aktivitetsnivå, med lagsmøte annankvar søndag, med folkeviseleik, foredrag, ordskifte, den handskrivne lagsavisa Måltrosten. Mange av ungdommane i laget drog på frilyndte folkehøgskolar. Austegdelaget ville vere med å bygge den nye nasjonen Norge. Over 400 menneske kom til det første Austegdestemna, eit målstemne i mars 1921, i riksmålsbyen Arendal: Ja, soleis byrja dette norskdomslag si fyrste tid. Leida og låma vart lagd. No galdt det berre å fylgje den vegen som var merka upp, og at mange vilde bli med i dette arbeide både med hånd og ånd, skreiv mangeårig leiar Thomas Ljosland.

Austegdelaget blei skipa i desember 1920. Norsklæraren Ånund Åmlid frå Herefoss var første leiar. Han hadde hissa på seg folk fordi han ville innføre 1917-rettskrivinga i undervisninga. Byggmeistaren Thomas Ljosland frå Iveland blei nestleiar, så leiar i mange år. Ljosland lengta etter å kome i gang igjen med ungdomslagsarbeidet han hadde hatt så mykje glede av som snikkarlæring på Evje og ungdomshusbyggar, lagsleiar og aktiv skribent i den handskrivne lagsavisa i heimbygda Iveland. «Ungdommen skal ha høge, gode draumar om framtida. Det hadde me,» skreiv Ljosland.

Arendals fremste ambassadørar

Austegdelaget blei starta som mållag, i ein av dei sterkaste riksmålsbyane i landet. Dei fleste norske bygder og mange byar hadde hatt ungdomslag i mange år, og det blei stadig fleire mållag. Sist på 1920-talet var alle kommunane frå øvst i Setesdal og nesten til kysten blitt nynorskkommunar. Dei nærmast kysten blei språknøytrale. Noen få år var det fleire elevar som hadde nynorsk enn bokmål i grunnskolen i gamle Aust-Agder, medrekna byane. I arendalsområdet stod ungdomslaga sterkt, med mange medlemmer i dei fleste bygdene litt innanfor kysten.

I 1906 starta Nikolai Lundegaard Arendal ungdomslag, som hadde lagsmøte to kveldar i månaden. Lundegaard reiste til Egypt i august 1907 for å bli friskare av tuberkulosen. Lundegaard kom tilbake i 1908, og starta Arendal mållag. Også dette laget hadde stor aktivitet, heilt fram til Nikolai Lundegaard døydde i 1910, knapt 27 år gamal. Så gjekk det ti år, før Austegdelaget kom som både mållag og ungdomslag. Lenge hadde fylkestinget i Aust-Agder ei av to årlege samlingar i Arendal. Då var det fast tradisjon at Austegdelaget var vertskap for festkveld, med handskriven lagsavis, foredrag, ordskifte, folkeviseleik, og god prat til langt på natt. Så sentralt stod Austegdelaget for heile fylket. Få har som Austegdelaget sett farge på folketoga 17. mai, og både innanlands og utanlands har leikarringen i mange år vore blant Arendals fremste ambassadørar. Ingen i heile Aust-Agder har vore like viktige for Åmli-bunaden som Austegdelaget. Laget har drive bunadstaue, vore med på å starte Husfliden i Arendal, vore drivkrafta både i eige lag, i bunadnemnda i Aust- Agder Ungdomslag og i Aust-Agder Husflidslag, og eigen vevskole i mange år etter andre verdskrigen. Laget har også hatt mange andre husflidkurs.

Dette huset romma bondeheimen med matstova i Arendal frå 1935 til 1982. Foto: KEN

Kampane om runddansen

Den fyrste tida var det det fleire dansediskusjonar i lagsavisa, som verkar framand i dag. Men for dei som kjempa fram ein mellomveg mellom fylla og pietismen, var folkeviseleiken og lagsmøte med folkeopplysing viktig. Kristine Lauvland Holm (1902–1999) heldt kurs i mange bygder i Aust-Agder, og møtte mykje trongsyn. «Eg trur lærar Moen var det einaste normale mennesket der ute. Det var liksom synd all ting,» skreiv ho frå bygda Laget i Tvedestrand. På sine eldre dagar såg ho tilbake på kulturkampen: «Det var leit mange gonger. I trettiåra var det mørkt i mange bygder. Ungdommen hadde ingenting å gå på, vanlege var ikkje så velsette alltid. … I ei mørk religiøs tid blei eg rekna for eit fælt syndig menneske.» Ho blei fortalt at dei låg og bad for henne på bedehuset, og at ho øydela ungdommen.

Under andre verdskrigen instruerte folkedansaren og kulturforskaren Klara Semb med eit repertoar med tydelege protestsongar. Dette gav dei nytt mot og tru på framtida i ei mørk og usikker tid, fortel Kristine Lauvland Holm: «Når vi slutta av kveldane med «Strid for fred» opplevde vi korleis hennar bodskap vart formidla til oss gjennom Garborg sine ord:»

Me lever midt i ei villmannstid med blinkande knivar og nevestrid:
og livet er som ein bloddraum.
Men vita skal me og vona visst, at ånd må vinna på troll til sist –
Og vit på den varge villskap.

Noen få også av medlemmene i Austegdelaget hamna på feil side. I 1945 melde leiar Solveig Ljosland at folk måtte søke om medlemsskap, og at berre dei som hadde reint rulleblad under krigen, var velkomne. Sjølv var ho svært aktiv med i å spreie illegale skrifter. Laget berga Bondeheimen og Kaffistova. Etter krigen begynte pengemaskinen igjen å fungere. Lagsbruka finansierte blant anna felles reiseskrivar for ungdomslaga og mållaga.

Ungane kom med – og det blei ny vekst

Austegdelaget var krumtappen i bygdedansarbeidet i Aust-Agder. Laget starta fylkets første barneleikarring i 1962, og inspirerte til den nye store vekstperioden for ungdomslaga. Barneleikarringen hadde det like travelt som musikkorpsa 17. mai, med oppvisningar rundt om i byen heile dagen. Noen kveldar på 1970-talet kunne det vere 6–8 kurs for ulike aldersgrupper og nivå. Siste del av 1960-talet og tjue år framover var ein gullalder også i Austegdelaget. Ein kveld møtte instruktørane 250 danseivrige nybegynnarar på folkedanskurs. Kirsten Bråten Berg, som blei «tvangssendt» på leikskeid som 14-åring, fortel om leikfestar nesten kvar helg, i heile Agder – og plutseleg var dei på nachspiel i Oslo etter leikfest i Porsgrunn.

Den største stjerna Austegdelaget har fostra, er folkesongaren Kirsten Bråten Berg. Her i setesdalsbunad som 19-åring i lag med Thor Arneberg. Foto: Hoff

Fornying

I 1982 flytta Bondeheimen til nye lokale i Torggata. Men investeringa var for stor. Det blei ein økonomisk katastrofe for laga. Austegdelaget mista i tillegg lagslokalet sitt, og var igjen huslause. Dei seinare tiåra har aktiviteten vore mykje dugnadsarbeid på lagslokale i Vestregate, danseog husflidskurs av mange slag, lesesirklar, kulturkveldar og turar. Det har vore turar til leikfestar, stildansball og andre dansestemne, til landsstemna i Noregs Ungdomslag, tyttebærturar, kulturreiser innanlands og folkedansfestivalar og vennskapsarrangement. Laget har vore vertskap for landsstemne i Noregs Ungdomslag (1966), for fleire landsdelsstemne for barn, fylkestemne, fylkesårsmøte i mållaget, stildansball, og gjort vennskapsbesøk i Arendal til folkedansfestivalar som har sett fargerikt preg på bybildet. Som kjerne i Folkeakademiet Arendal har laget gitt folk i byen og distriktet store opplevingar gjennom foredrag i Kaffistova, Bondeheimen, i sitt eige hus i Vestregate frå 1990 til 2013 og seinare i Arendal bibliotek.

Kva nå?

Austegdelaget har rydda veg for ein open og inkluderande norsk kultur i Arendal og i heile Aust-Agder, til glede for mange, mange fleire enn dei som har vore medlemmer til kvar tid. Lagsleiar i jubileumsåret er Ellen Ytrehus, og sjølv i koronatida har laget klart å halde eit godt aktivitetsnivå. Er det plass til eit slikt lag framover? Vil unge og gamle fortsatt arbeide gratis i timar, dagar, veker, månadar og år med mange forskjellige emne og ferdigheiter ut frå eit overordna ideologisk syn? Vil folk framleis gjere alt dette arbeidet for at dei sjølve og andre skal få nyte, lære og vere med? Det å stille opp for ein festival eller eit enkeltarrangement frå ein bestemt dato og eit bestemt klokkeslett med klare arbeidsoppgåver er éin ting. Å bygge noe for andre, ein gong langt der framme, er ei større utfordring. Men som Solveig Ljosland, aktiv frå ho var 14 år til ho døydde 82 år gamal, skreiv i lagsavisa Måltrosten: «Litt ekstra arbeid skal ein aldri vere redd for, ein får som regel løn for strevet.»

Jan Kløvstad er forfattar av jubileumsboka Tradisjon, kultur og nyskaping. Austegdelaget i 100 år (2020).